Malvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Malvin er eit mannsnamn av engelsk eller tysk opphav. Malvin har norsk namnedag den 11. mai.

Som engelsk namn kan Malvin vera ein variant av Melvin, eit skotsk slektsnamn som igjen kan vera avleidd av Melville. Som tysk namn kan Malvin eller Malwin vera ei samansetjing av mahal, 'rettsplass' eller mal, 'marknad' og winni, 'ven'.

Mal er ei kortform av namnet og Malvina er eit avleidd kvinnenamn.

Malvin var mest brukt i Noreg i tiåra rundt 1920, då rundt 0,1 % av nyfødde gutar kunne få namnet. I 2010 var det 532 norske menn som heitte Malvin.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]