Malyj Begitsjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malyj Begitsjev
øy
Land  Russland
Del av Begitsjevøyane
Kart
Malyj Begitsjev
74°18′N 111°09′E / 74.3°N 111.15°E / 74.3; 111.15

Malyj Begitsjev (russisk Малый Бегичев) er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho har eit areal på 15 km². Øya er 5,4 km lang og ligg i Khatangabukta (russisk Хатангский залив).

Berre 8,5 km lenger aust ligg den større Bolsjoj Begitsjev. Ho er mykje større og har eit areal på 1764 km². Grensa mellom Krasnojarsk kraj og republikken Sakha går mellom dei to øyane og Malyj Begitsjev høyrer til førstnemnde.

Begge øyane er kalla opp etter den russiske polarutforskaren Nikifor Begitsjev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]