Mamoudzou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mamoudzou
by
none
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Mayotte
Areal 41 94 km²
Folketal 57 300 (juli 2007[1])
Mamoudzou.png

Mamoudzou er hovudstaden i det franske oversjøiske departementet Mayotte i Det indiske havet. Han ligg på den største øya i departementet, Grande-Terre eller Mahoré. Mamoudzou er den folkerikaste kommunen i øya, og rundt 27 % av øybuane bur der.[1] Mamoudzou blei gjort til hovudstad i 1977, etter Dzaoudzi på den mindre øya Petite-Terre eller Pamanzi.[2]

Båtar i havet ved Mamoudzou.

Mamoudzou ligg nordaust på Mahoré, vest for sundet mot Pamanzi. Det er herfrå båtkontakten med den mindre øya føregår.[2]

Mamoudzou er ein kommune som er delt i tre kantonar: Mamoudzou I (Mamoudzou Kawéni), Mamoudzou II (M’Tsapéré Cavani) og Mamoudzou III (Passamainti, Itoundzou 1, Itoundzou 2 og Vahibéni).[3]

I sentrum av byen ved hamna finst ein statue av Zaïna Mdéré, som kjempa for at Mayotte skulle fortsette å høyra til Frankrike medan Komorane fekk sjølvstende, og marknaden i byen. På Mahabou-odden ligg grava til Andrianantsouly, den siste sultanen av øya. I M’Tsapéré-området i sør ligg den kvite Balamanga-moskéen og bygningar frå kolonitida. Kaweni i nord er eit industriområde som også har ein yrkesfagleg vidaregåande skule.[2]

Mamoudzou huser dei fleste sentrale tenestene i Mayotte, mellom anna det sentrale sjukehuset og biblioteket.[4]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mamoudzou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Rencensement : 212.600 habitants à Mayotte en 2012» (15. nov. 2012), zinfos974.com
  2. 2,0 2,1 2,2 Chronologie (du 20 juillet 1953 au 22 juin 2007), www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
  3. Mamoudzou, www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
  4. Hôpitaux de Mayotte (Mamoudzou); Bibliothèque départementale, cg976.fr