Mamula

Koordinatar: 42°23′43″N 18°33′30″E / 42.39528°N 18.55833°E / 42.39528; 18.55833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mamula
Mamula
Mamula
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°23′43″N 18°33′30″E / 42.39528°N 18.55833°E / 42.39528; 18.55833

Administrasjon
Land Montenegro

Mamula eller Lastavica er ei lita øy i Adriahavet sørvest i Montenegro i kommunen Herceg Novi.

Mamula ligg ved inngangen til Kotorbukta og ligg strategisk til mellom halvøyane Prevlakahalvøya og Luštica.

Den litle øya er sirkelforma og har ein diameter på om lag 200 m. Ho ligg 6,3 km frå Herceg Novi.

Det er bygd eit fort på øya av den austerriksk-ungarske generalen Lazar Mamula på midten av 1800-talet. Under den andre verdskrigen vart øya nytta som fengsel av italienarane frå 30. mai 1942 og utover.

Fortet har i dag forfalle, men mange turistar kjem hit med båt, hovudsakleg frå Herceg Novi, for å nytte dei vakre strendene her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]