Manú

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manú
Land  Peru
Kart
Manú
12°16′29″ S 70°56′4″ W
Wikimedia Commons: Manu River (Peru)

Manú er ei elv i det søraustlege Peru, og ei sideelv til Madre de Dios. Ho har ei lengd på 356 kilometer, alt gjennom biosfærereservatet Manu nasjonalpark i Madre de Dios-regionen.

Elva Manú blir til i den austlege skråninga av Andes mot Amazonasbassenget. Ho renn gjennom reservatet med same namn. Parken vart kunngjort i 1972 og i 1987 og er rekna som eit stort biosfærereservat, han kan huse ein av dei største konsentrasjonane av biologisk mangfald på jorda innanfor 19 098 km². Svært få menneske bur ved elvefaret. Parken er oppretta for vern, berre verksemd innan biologisk og antropologisk forsking kan gå føre seg der, dei skal vere avgrensa til observasjon av liv og økologiske prosessar i naturleg form. Dei fastbuande i parken er innfødde grupper av indianarar, hovudsakleg frå machiguenga.

Manú tømmer seg i Alto Madre de Dias, nedanfor utlaupet kalla berre Madre de Dios. Dette er nær byen Manu. Providencia og Piriquina er store sideelver til Manú.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]