Manchester United

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Manchester United
Fullt namn Manchester United
Kallenamn The Red Devils (Dei raude djevlane)
Grunnlagd 1878 (som Newton Heath LYR FC)
Heimebane Old Trafford,
Manchester
(Kapasitet: 76 006)
Styreleiar David Gill
Hovudtrenar David Moyes
Liga Premier League
Heimedrakt
Bortedrakt

Manchester United Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League. Klubben vart stifta som Newton Heath i 1878, og vart vald inn i The Football League i 1892. «The Red Devils», som er kallenamnet til Manchester United, spelar heimekampane sine på Old Trafford i Manchester.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Manchester United har i mange tiår vore ein av dei største fotballklubbane i England. Klubben har hatt tre suksessrike periodar; under Ernest Mangnall i 1900-åra, i 1950- og 60-åra under Sir Matt Busby, og frå 1990-åra til i dag under Sir Alex Ferguson. Bortsett frå desse suksessane, er den mest viktige hendinga i klubbhistoria flyulykka i München, der åtte av spelarare døydde.

Under Sir Alex Ferguson, som har vore manager sidan 1986, har klubben dominert engelsk fotball sidan 1990 med elleve seriemesterskap, fem FA-cupmesterskap, tre ligacupmesterskap og to Mesterliga-seier i 1999 og 2008. Klubbens mest suksessrike sesong var 1998/99, da dei blei det første og einaste laget som har vunne the treble, som vil seie å vinne FA Premier League, FA-cupen og Mesterligaen i same sesong.

Manchester United har seks gongar nådd finalen i ei av dei store europeiske fotballturneringane. Fyrste gongen var i Europacupen i 1968, deretter Cupvinnarcupen i 1991 og så Meisterligaen i 1999, 2008, 2009 og 2011. Klubben vann dei fire fyrste finalane og tapte dei to siste, begge tapa kom mot FC Barcelona.

Tidlege år (1886–1945)[endre | endre wikiteksten]

Klubben blei danna som Newton Heath Lancashire & Yorkshire Railway Football Club av ei gruppe jernbanearbeidarar i Manchester i 1878. Namnet blei snart forkorta til Newton Heath. Dei var grunnleggjande medlemar av Football Alliance i 1889 og slutta seg til The Football League i 1892 da den slo seg saman med Football Alliance.

Klubben var nær konkurs i 1902 og blei redda av den rike bryggerieigaren John Henry Davies som betalte klubben si gjeld og forandra namnet til Manchester United, samstundes som han forandra klubbfargaane frå gult og grønt til raudt og kvitt. Klubben vann ligaen i 1908 og med finansiell assistanse frå Davies, flytta dei til eit nytt stadion på Old Trafford i 1910.

Laget sleit i mellomkrigstida, og da andre verdskrigen byrja, hadde dei £70 000 i gjeld.

Busby-åra (1945–1969)[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerket over dei som døydde i flyulykka i München 6. februar 1958.

Matt Busby blei utnemdt til manager i 1945 og tok da ein helt ny innfallsvinkel til jobben. Han slutta seg til spelarane i treningane i tillegg til å utføre administrative oppgåvar. Han hadde umiddelbart suksess, da klubben enda på andreplass i ligaen i 1947 og vann FA-cupfinalen i 1948.

Han satsa på å utvikle spelarar i ungdomslaget, og laget vann ligaen i 1956 med ein gjennomsnittsalder på berre 22. Det unge laget fekk kallenamnet Busby Babes, og året etter vann dei ligaen igjen og nådde FA-cupfinalen, der dei tapte for Aston Villa. Dei ble også det første engelske laget som deltok i Europacupen, der dei nådde semifinalen.

Ein tragedie knuste laget sesongen etterpå, da flyet som transporterte laget heim frå ein europacupkamp krasja ved avgamg etter å ha fylt drivstoff i München. Flyulykka i München 6. februar 1958 kravde livet til åtte spelarar og femten andre passasjerar. Der var snakk om at klubben skulle trekkje seg frå sesongens turneringar, men assistentmanager Jimmy Murphy tok over som manager mens Matt Busby blei behandla for skadane han hadde fått i ulykka, og klubben fortsette å spele med reservelaget. Dei nådde FA-cupfinalen igjen, der dei tapte for Bolton Wanderers.

Busby bygde opp eit nytt lag på byrjinga av 1960-åra og henta inn spelarar som Denis Law og Pat Crerand. Laget vann FA-cupfinalen i 1963, vann ligaen i 1965 og 1967 og Europacupen i 1968. Dette laget var kjend for å innehalde tre fotballspelarar som har blitt kåra til årets fotballspelar i EuropaBobby Charlton, George Best, og Denis Law. Busby trekte seg som manager i 1969, og blei erstatta av reservelagstrener og tidlegare United-spelar Wilf McGuinness.

1969–1986[endre | endre wikiteksten]

United sleit med å erstatte Busby og laget sleit under Wilf McGuiness og Frank O'Farrell før Tommy Docherty blei manager på slutten av 1972. Docherty redda United frå nedrykk den sesongen, men klubben rykte ned i 1974. Laget rykte opp igjen på første forsøk. Klubben nådde FA-cupfinalen i 1976, men blei slått av Southampton. Også i 1977 nådde United finalen og slo Liverpool. Trass i denne sigeren og populariteten blant supportarane, blei Docherty sparka kort tid etter finalen for å ha hatt eit seksuelt forhold til kona åt fysioterapeuten.

Dave Sexton erstatta Docherty som manager sommaren 1977, og fekk laget til å spele i ein meir defensiv formasjon. Denne stilen var upopulær blant fansen, som var vand med angrepsfotballen som blei føretrukken av Docherty og Busby. Etter å ha mislykkast i å vinne eit einaste trofé, fekk Sexton sparken i 1981.

Han blei erstatta av Ron Atkinson, som med ein gong braut den britiske overgangsrekorden ved å hente inn Bryan Robson frå West Bromwich Albion. Atkinson bygde eit lag med nye spelarar som Jesper Olsen og Gordon Strachan, som spelte saman med eigne juniorspelarar som Norman Whiteside og Mark Hughes. United vann FA-cupen i 1983 og 1985, og var store favorittar til å vinne ligaen i 1985/86-sesongen etter å ha vunne dei ti første kampane. Dei leia med ti poeng over sine rivalar så tidleg som i oktober. Men laget kollapsa, og United enda på fjerde plass.

Ferguson-epoken (1986–dags dato)[endre | endre wikiteksten]

Old Trafford
Foto: André Zahn
Utsida av Old Trafford på kampdag (før quadrantene blei bygd)
Foto: Øyvind Vik
Uniteds spelarar varmar opp før trening på The Cliff i 1992.
Foto: Øyvind Vik

Alex Ferguson erstatta Atkinson og leia klubben til ein 11. plass i sin første sesong. Den neste sesongen (1987/88), enda United på andreplass, da Brian McClair blei den første United-spelaren sidan George Best til å skåre 20 ligamål i ein sesong. Mange av dei nye spelarane innfridde ikkje forventningane til fansen, samstundes kvitta Ferguson seg med populære spelarar som Paul McGrath og Gordon Strachan. Vinteren og våren 1990 lykkast klubben i FA-cupen; utan å spele ein einaste heimekamp nådde Manchester finalen i turneringa og vann finalekampenm på Wembley .

Manchester United vann Cupvinnarcupen i 1990/91, da det vart siger over dei spanske seriemeisterane Barcelona i finalen. Den følgjande sesongen låg United i toppen av den engelske ligaen, men ei svak avslutning gjorde at Leeds United vart sereimeistrar.

Eric Cantona vart i november 1992 signert frå nettopp Leeds United. Han vart snart ein sentral spelar for laget, som fullførte 1992/93-sesongen som meistrar, det første sereigullet sidan 1967. Sesongen etter vann United både ligaen og FA-cupen (the double) for aller første gong.

Ut i 1994/95-sesongen fekk Cantona åtte månaders suspensjon for å ha sparka ein tilskodar. United avslutta same sesongen med å tape dei to siste kampane og enda då på andreplass både i ligaen og FA-cupen. Ferguson selde nøkkelspelarar som Paul Ince, Mark Hughes og Andrej Kantsjelskis og erstatta dei med spelarar frå ungdomslaget i klubben, dei såkalla Fergies fledglings. Dei nye spelarane, mellom dei framtidige storspelarar som David Beckham, Gary Neville, Paul Scholes og Nicky Butt, gjorde det overraskande godt. Kommentatoren Alan Hansen måtte bite i seg kommentarane om at «ein vinn ingenting med barn», ettersom United i 1995/96 på ny vann «the double».

Også i 1997 vann Manchjester United den engelske ligaen. Den følgjande sesongen starta godt, men ei rekkje skader svekka laget som enda på andreplass i ligaen, langt bak ligameisteren Arsenal.

1998/99-sesongen vart den mest suksessrike for Manchester United. United blei då den andre engelske klubben til å vinne «the treble» – ligaen, FA-cupen og Meisterligaen i ein og same sesong. I finalen i meisterligaen låg United under 0-1 til sluttminutta. To mål heilt på tampen av kampen gav siger 2-1 over Bayern München, det siste sett inn av Ole Gunnar Solskjær. Ferguson blei i etetrkant adla for sitt bidrag til britisk fotball.

United vann Champions League i 1999
Foto: Øyvind Vik

Manchester United vann ligaen med stor margin både i 2000 og 2001. Ferguson endra på spelestilen og terpa på meir defensive taktikkar, for at laget skulle verte vanskelegare å slå. Sesongen 2001/02 kom United på tredjeplass i ligaen, den etterfølgjande sesongen vart klubben enno ein gong engelske ligameister.

Trass i at klubben brukte millionar av pund på spissane Alan Smith, Wayne Rooney og Louis Saha, blei 2004/05-sesongen prega av måltørke. Ei rekkje mållause kampar gjorde at Manchester United tidleg vart liggande bak Arsenal og Chelsea, og enda på tredjeplass i den engelske ligaen. United spela seg fram til finalen i FA-cupen og møtte Arsenal. Ved full tid stod det 0-0 i målprotokollen. Etter at Manchester-klubben hadde dominert i banespelet, vart laget det første som tapte ein FA-cupfinale på straffespark.

I juni 2005 auka den den USA-amerikanske forretningsmannen Malcolm Glazer sin eigedel i Manchester United til 97,3 % av aksjane og gjorde klubben om til eit privatfirma. Grupper av United-fans protesterte mot overtakinga, og ei gruppe supporterar danna ein ny klubb kalla FC United of Manchester. Gruppa 'Shareholders United' valde ein annan strategi, ho skipa eit fond med tanke på å kjøpe opp klubben ein gong i framtida.

Kjende spelarar som har spelt for klubben[endre | endre wikiteksten]

   

Norske spelarar som har spelt for Manchester United[endre | endre wikiteksten]


Fotball | Premier League | 2010/11-sesongen

Arsenal | Aston Villa | Birmingham City | Blackburn Rovers | Blackpool | Bolton Wanderers | Chelsea | Everton | Fulham | Liverpool | Manchester City | Manchester United | Newcastle United | Stoke City | Sunderland | Tottenham Hotspur | West Bromwich Albion | West Ham United | Wigan Athletic | Wolverhampton Wanderers |