Manco Cápac II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Manco Cápac II (15161544) var den viktigaste marionettinkaen og seinare opprørsleiar mot det spanske styret som hadde tatt over kontrollen av inkariket. Manco Cápac var son åt Huayna Cápac og ein rettmessig etterføljar til krona.

Den første marionettinkaen Tupac Huallpa døydde i oktober. 15. november nådde styrken åt Francisco Pizarro fram til Cuzco og om lag ein månad seinare vart Manco Cápac krona av Pizarro med stor folkefest.

Inka Manco hadde eit framifrå samarbeid med spanjolane den første tida som marionettherskar i Cuzco. I 1535 gjorde Gonzalo Pizarro krav på Monco Cápac si søster og kone Cura Ocllo. Dette skandaliserte dei innfødde nobilitetane. Det skjedde også andre provokasjonar, og i august tok Manco Cápac avgjersle om å kjempe imot spanjolane. Han leidde det store inkaopprøret i 1536 då han kringsette Cuzco og heldt Sacsayhuamán okkupert i nokre veker. Frå 1539 måtte Inka Manco og medlemer av herskarklassen dekkje seg i eit utilgjengeleg område med senter i byen han skipa, Vilcabamba, der han administrerte ei uavhengig statsdanning for oppstand mot spanjolane.

Manco vart myrda i 1544 av ein av sju flyktningar frå kringstilstanden mellom Francisco Pizarro og tilhengarar av Diego de Almagro. Den første etterfølgjaren vart sonen Sayri Tupaq. Han hadde fleire andre søner, mellom anna Titu Cusi og Tupaq Amaru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]