Mandespråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mandespråk
Klassifisering: Nigerkongo
 Mandespråk
Vidare inndeling: Vestleg
Austleg
Område: Vest-Afrika

Mandespråk er ei gruppe på 40 språk som blir tala i Vest-Afrika. Dei utgjer ei gren av språkfamilien nigerkongo-språk. Blant mandespråka finst mandinka, soninke, bambara, dyula, kagoro, bozo, mende, yacouba, vai og ligbi. Mandespråka blir snakka av rundt 20 millionar menneske i Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Elfenbeinskysten, Senegal, Ghana, Togo, Benin, Burkina Faso, Mauretania, Niger, Sierra Leone, Nigeria og Mali.[1]

Språkforsking[endre | endre wikiteksten]

Språkgruppa blei først skildra i 1854 av S.W. Koelle i Polyglotta Africana. Her nemnde han 13 språk. I 1901 innførte Maurice Delafosse eit skilje mellom to grupper i Essai de manuel pratique de la langue mandé ou mandingue. Han skriv om ei nordleg gruppe kalla mandé-tan og ei sørleg gruppe, mandé-fu. I 1924 hevda L. Tauxier at dette skiljet ikkje var godt grunngjeve og at det fanst minst ei tredje undergruppe, som han kallla mandé-bu. Denne oppfatninga blei støtta av A. Prost i 1950. I 1958 publiserte William E. Welmers artikkelen «The Mande Languages», der han delte inn mandespråka i tre undergrupper – nordvest, sør og aust, basert på leksikonstatistikk. Joseph Greenberg støtta denne inndelingen i sin The Languages of Africa (1963). Long (1971) og G. Galtier (1980) støtter også inndelinga i tre grupper men med viktige forskjellar.

I dag deler fleirtalet av språkforskarane mandespråka inn i ei vestleg og ei austleg grein, der den vestlege er større og omfattar 27 språk. Fleire av de vestlege språka har meir enn ein million talarar, mellom anna bambara, malinke, maninka, mende, dyula, soninke og susu. Dyula er eit lingua franca brukt til handel nord i Elfenbeinskysten og vest i Burkina Faso. Den austlege gruppa omfattar 13 språk der berre eitt, dan, har rundt ein million talarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Encyclopædia Britannica 2004 Ultimate reference suite DVD, oppslagsordet Mande languages.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Delafosse, Maurice (1901). Essai de manuel pratique de la langue mandé ou mandingue. Paris: Leroux.
  • Delafosse, Maurice (1904). Vocabulaires comparatifs de plus de soixante langues ou dialectes parlés à la Côte d'Ivoire et dans les régions limitrophes, avec des notes linguistiques et ethnologiques. Paris: Leroux.
  • Welmers, William E. (1971). Niger-Congo, Mande . I: Linguistics in Sub-Saharan Africa (Current Trends in Linguistics; 7), red. Thomas A. Sebeok, Jade Berry, Joseph H. Greenberg, m. fl., 113–140. The Hague: Mouton.