Mandsju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mandsju
(ᠮᠠᠨᠵᡠ ᡤᡳᠰᡠᠨ, manju gisun)

Mandsju

Klassifisering: Altaisk
 tungusisk
  sørtungusisk
Bruk
Tala i: Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Område: Heilongjiang
Mandsjutalande i alt: 60[1]
Skriftsystem: Mandsju-skrift
Språkkodar
ISO 639-2: mnc
ISO 639-3: mnc

Mandsju er eit utrydningstrua tungusisk språk som blir snakka i Nordaust-Kina. Mandsju er eit agglutinerande språk med avgrensa vokalharmoni. Språket stammar frå jurchen, men har stort ordforråd frå mongolsk og kinesisk.

Skilt i Den forbodne byen i Beijing med tekst på kinesisk og mandsju.

Mandsju var språket til mandsjuar, mellom anna tidlege Qing-herskarar, men desse har gjennom fleire hundreår gått over til mandarin-kinesisk. Mens det i dag finst rundt 10 millionar etniske mandsjuar, finst det under 70 talarar av mandsju. Språket er gjensidig forståeleg med sibe frå nordvest i landet, som har fleire talarar.

Mandsju-skrift er avleidd frå det mongolske alfabetet og blir skrive loddrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.