Manfred-symfonien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Manfred-symfoni)
Manfred-symfonien
symfoni av Pjotr Tsjajkovskij
Komponert1885
Urframføring23. mars 1886 i Moskva
Publiseringsdato1886
Tonearth-moll
Opus58

Manfred er ein «symfoni i fire scenar» i h-moll av Pjotr Tsjajkovskij, hans opus 58, men unummerert. Han blei skriven mellom mai og september 1885 etter eit program som bygde på diktet Manfred av lord Byron frå 1817. Verket blei skrive mellom den fjerde og femte symfonien til Tsjajkovskij.

Symfonien har fire satsar, eller bilete, som han valde å kalle dei:

  1. Manfred vandrar i Alpane
  2. Feene kjem til syne for Manfred i fossens regnboge
  3. Pastorale
  4. Bacchanalen i Arimanes palass - vondskapen sjølv

Symfonien vart framført fyrste gong 23. mars 1886 og er kanskje eit av Tsjaikovskijs mest personlege verk. Ei omtykt innspeling er med Oslo Filharmoniske Orkester under Mariss Jansons.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.