Manfred Wörner
Dr. jur. Manfred Wörner (fødd 24. september 1934 i Stuttgart, død 13. august 1994 i Brussel) var ein tysk konservativ politikar (CDU) og diplomat. Han var forsvarsminister i Tyskland frå 1982 til 1988, og generalsekretær i NATO frå 1988 til han døydde i 1994. Slutten på den kalde krigen fann stad innanfor embetsperioden hans. Han fekk kreftdiagnose under tida si som generalsekretær, men han valde å bli verande i posten til få dagar før han døydde av sjukdomen. Mange syntest dei fekk eit glimt av mennesket bak generalsekretærrollen då han gretande kommenterte bortgangen den norske utanriksministeren Johan Jørgen Holst i januar 1994 - berre nokre månader før han sjølv gjekk bort.
Wörner var barneborn av Luftwaffe-generalen Hermann Aldinger, sjef for 1. tunge luftvernbatteri i Legion Condor under den spanske borgarkrigen. Han voks opp i huset til bestefaren i Stuttgart-Bad Cannstatt og gjekk på Johannes-Kepler-gymnasiet der. Etter at han tok sin Abitur i 1953 studerte han jus i Heidelberg, Paris og München. Han tok sin første juridiske statseksamen i 1957 og den andre i 1961, og vart same år dr. jur. med eit arbeid innan internasjonal rett. Han gjorde deretter karrière som embetsmann, og var dessutan jagarpilot og reserveoffiser i Luftwaffe. Han vart innvalt i det tyske parlamentet i 1965, og var viseformann for den konservative fraksjonen og dessutan formann for forsvarskomitéen. I 1982 vart han utnemnt til forsvarsminister i regjeringa til Helmut Kohl. Han gjekk av som forsvarsminister den 18. mai 1988 og vart generalsekretær i NATO den 1. juli same år.
Sidan 1996 har det tyske forsvarsministeriet utdelt ein Manfred Wörner-medalje til offentlege personar som har gjort ein særleg innsats for fred og fridom i Europa. Mottakarar av medaljen inkluderer Richard Holbrooke, Ewald von Kleist, Javier Solana og Catherine McArdle Kelleher.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Manfred Wörner» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2010.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar Peter Carington |
Generalsekretær i NATO 1988–1994 |
Etterfylgjar Sergio Balanzino |
|
|
|
|---|---|
| Hastings Ismay, 1. baron av Ismay (1952–57) · Paul-Henri Spaak (1957–61) · Dirk Stikker (1961–64) · Manlio Brosio (1964–71) · Joseph Luns (1971–84) · Peter Carington (1984–88) · Manfred Wörner (1988–94) · Sergio Balanzino[1] (1994) · Willy Claes (1994–95) · Sergio Balanzino[1] (1995) · Javier Solana (1995–99) · George Robertson (1999–2003) · Alessandro Minuto-Rizzo[1] (2003–04) · Jaap de Hoop Scheffer (2004–09) · Anders Fogh Rasmussen (2009–) | |
|