Mangawhai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mangawhai
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand
Northland
Kaipara
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1665
Koordinatar 37°7′35″S 174°34′29″EKoordinatar: 37°7′35″S 174°34′29″E
Innbyggjartalet er Mangawhai og Mangawhai Heads til saman

Mangawhai ein liten by i regionen NorthlandNew Zealand ved Mangawhai Harbour. Mangawhai ligg i den sørvestlege delen av hamna, og busetnaden Mangawhai Heads ligg fem km mot nordaust. Kaiwaka ligg 13 km mot sørvest og Waipu 20 km nordvest for Mangawhai Heads.[1][2]

Folketalet i Mangawhai distrikt var 813 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på 189 frå 2001. Det statistiske distriktet dekkjer eit betydeleg større område enn sjølve byen.[3] Folketalet i Mangawhai Heads var 852 i 2006, opp 132 frå 2001.[4]

Utsikt frå eit observasjonstårn.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tidleg og midt på 1800-talet var Mangawhai Harbour ein av dei viktigaste tilgangsstadane til Kaipara. Maoriar frå iwien Ngāti Whātua brukte å dra wakaer (kanoar) over land frå Kaiwaka til Mangawhai.[5] Ei gruppe krigarar frå iwien Ngā Puhi gjekk i land ved Mangawhai i februar 1828 og drog tolv km inn i landet for å gå til åtak på Ngāti Whātua ved Te Ika-a-ranga-nui nær Kaiwaka.[6][7]

Seinare i det det 19. hundreåret reiste nybyggjarar med båt frå Auckland til Mangawhai, så gjekk dei til Kaiwaka, drog så vidare att med båt over Kaipara Harbour. Tidleg på 1860-talet fanst det ein kjerreveg mellom Mangawhai og Kaiwaka.[8]

Byane marknadsfører seg som turistmål ikkje så langt frå Auckland med natur prega av mangrover og pōhutukawa-tre på ei side av hamna og fine strender og sanddyner på den andre.

Sandindustri[endre | endre wikiteksten]

Utvinning av sand starta ved innløpet til Mangawhai Harbour i 1953.[9] I 1988 fall sanddynene saman, og innløpet til hamna var stengt i fire år før det vart opna att. Interessegruppa The Mangawhai Harbour Restoration Society meiner at det var utvinninga av sand som starta kollapset.[10][11]

Frå 1993 til 2004 vart sand til kommersiell bruk sogen ut frå sandbankane ved Mangawhai Heads.[12][13] I 2004 vann Mangawhai Harbour Restoration Society ei rettsavgjerd i Miljødomstolen om å stoppa utferding av nye lisensar for sandfjerning.[10] Selskapa anka avgjerda til regionstyret i Auckland, men fekk avslag her også i 2005.[14]

Ein søknad om å få utvinna sand i Mangawhai Forest var i 2008 til handsaming i Miljødomstolen.[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Dowling (redaktør) (2004) Reed New Zealand Atlas, s. kart 8 – Reed Books. ISBN 0-7900-0952-8.
  2. Roger Smith, GeographX (2005) The Geographic Atlas of New Zealand, s. kart 31 – Robbie Burton. ISBN 1-877333-20-4.
  3. Kart over Mangawhai statistical district. Statistics New Zealand.
  4. Final counts – census night and census usually resident populations, and occupied dwellings - Kaipara District. Statistics New Zealand.
  5. The journal of the Polynesian Society, bind 10, utgjeve 1901, forlag: Polynesian Society, side 30
  6. Brian Byrne (2002) The Unknown Kaipara, s. p 25 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-473-08831-2.
  7. Russell Stone (2001) From Tamaki-Makau-Rau to Auckland, s. p 100 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  8. Wayne Ryburn (1999) Tall Spars, Steamers & Gum, s. pp 16-17, 30, 38 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-473-06176-7.
  9. "Mangawhai Harbour entrance". Te Ara Encyclopedia of New Zealand. 
  10. 10,0 10,1 Community saves coast.
  11. "Mangawhai Harbour entrance". Te Ara Encyclopedia of New Zealand. 
  12. "Phosphates, ironsands and sands". Te Ara Encyclopedia of New Zealand. 
  13. Deep Fried TV (29. oktober 2004). Auckland's Northeast Coast Under Attack.
  14. Nautical News: Mangawhai Harbour Sand Mining Ban
  15. Sand mining likely at Mangawhai Forest[1], Rodney Times, 29. januar 2008}}

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]