Mangefotingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mangefotingar


Apheloria virginiensis
Apheloria virginiensis er eit fargerikt tusenbein frå USA

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Myriapoda
Vitskapleg namn
Myriapoda

Mangefotingar (Myriapoda) er ei stor gruppe landlevande leddyr som vert kjenneteikna av mange einsarta kroppssegment med kvar sine beinpar. Ein reknar med fire grupper (klassar); tusenbein, skolopenderar, dvergfotingar og fåfotingar, og dei er utbreidd over heile verda bortsett frå Antarktis. Ein reknar med i underkant av 13 000 registrerte nolevande artar[1], kor 76 av desse er funne i Noreg[2]. I Norden totalt førekjem det 111 artar.

Dei eldste fossile mangefotingane er frå sein ordovicium/tidleg silurtid, og omfattar mest sannsynleg òg marine artar. Dei første sikre funna av landlevande mangefotingar er frå midten av silur, og liknar på tusenbein.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Mangefotingane er sterkt metameriske, det vil seie at dei er sett saman av mange einsarta kroppssegment. Først sit det eit hovud med fire par ekstremitetar - antenner, mandiblar og to par maxillar. Vidare følgjer ein lang kropp som består av mange segment med den same kroppsoppbygnaden. Denne varierer mellom dei ulike gruppene. Tusenbeina (Diplopoda) har to par bein for kvart kroppssegment, medan skolopenderar berre har eitt.

Alle mangefotingar unnateke fåfotingar pustar med trakèar, det vil seie eit system av hole røyr som syt for oksygentilførnad i kroppen. Fåfotingane stammar derimot etter alt sannsyn frå forfedrar med trakesystem.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Scolopendra polymorpha, ein skolopender.

Mangefotingane er den einaste gruppa leddyr som utelukkande lever på land. Som regel finn ein dei i jord- og strølaget, men dei kan òg finst under bork eller i grotter. Mange artar har dårleg forsvar mot uttørking og heldt seg helst til litt fuktige miljø; berre særs få mangefotingar klarar seg bra i tørre strok. Dei fleste tusenbein og skolopendrar er nattaktive.

Dyra i gruppa er særkjønna, med unnatak av somme som kan vera partenogenetiske. Nokre artar parar seg med indre befruktning, medan andre formeirar seg utan at det førekjem fysisk kontakt mellom kjønna i det heile teke: Hannen legg frå seg spermiar utanfor kroppen til hoa så ho kan ta dei opp sjølv. Alle artane legg egg, og somme vaktar dei mot predatorar den første tida.

Som regel har nyklekte mangefotingar færre kroppssegment enn vaksne artsfrendar. Etter kvart som dei skiftar hud veks dei til og når full storleik samstundes som dei vert kjønnsmogne. Nokre tusenbein veks òg etter å ha vorte vaksne. Dei nyttar relativt lang tid på utviklinga si, hjå mange artar meir enn eit år.

Systematikk og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Mangefotingane vart lenge rekna som søstergruppa til seksfotingane, mellom anna sidan begge gruppene har dei same grunnleggjande ekstremitetane på hovudet og er utstyrt med udelte (unirame) bein. Nyare forsking viser derimot at dei to gruppene mest sannsynleg stammar frå krepsdyra, kanskje tilmed frå ulike greiner, og at likskapstrekka kan stamma frå konvergent evolusjon - like tilpassingar til eit likt miljø.

Det vert òg hevda at mangefotingane sjølv kan vera poly- eller parafyletiske. Det er rekna som rimeleg sikkert at tusenbeina og fåfotingane er søstergrupper, men for skolopenderar og dvergfotingar er stoda framleis uviss.

Dei eldste fossile mangefotingane er frå sandstein frå perioden silur for om lag 420 millionar år sidan. I den påfølgjande tidsepoka devon auka mangfaldet, og stordomstida si hadde dei i karbon. Dei største kjende formene fanst på denne tida; slekta Arthropleura kunne bli så mykje som 1,8 m lang og 45 cm brei. Etter karbon liknar fossila i større grad på moderne grupper.

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca (2002): «Phylum Arthropoda: The Myriapods (Centipedes, Millipedes, and Their Kin)» i Invertebrates Sinauer Associates
  • Andersson, G., Meidell, B.A., Scheller, U., Winquist, J-Å., Osterkamp Madsen, M., Djursvoll, P., Budd, G. & Gärdenfors, U. (2005): Nationalnyckeln til Sveriges flora och fauna. Mångfotingar. Myriapoda. ArtDatabanken, SLU
  1. Waggoner, Ben (1996): Introduction to the Myriapoda University of California, Berkeley
  2. Djursvoll, Per (2007): «Mangeføttinger» i Insekt-Nytt #1/2 2007