Manger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manger
Geografi
Kommune Radøy
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 840 (2012)
Folketettleik 730,4 /km²
Areal[1] 1,15 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 565
Postnummer 5936 MANGER
Kart
Manger is located in Hordaland
60°38′38″N 5°2′29″EKoordinatar: 60°38′38″N 5°2′29″E

Manger er namnet på ein tettstad i Radøy kommune, på eit prestegjeld i Radøy kommune og på eit sokn i det prestegjeldet, og det var tidlegare namnet på ein norsk kommune i Nordhordland.

Bygda og tettstaden Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger er ein tettstad som er kommunesenter i Radøy kommune i Hordaland fylke. Staden ligg vest på Radøya. Riksveg 56 går gjennom staden.

Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området.

Også idrettsmiljøet på Manger er godt. Blant anna husar bygda den norske bordtennisspelaren Tommy Urhaug som har fleire VM- og EM-gull. Det finst ein symje- og idrettshall i bygda, Radøyhallen. Der trenar mellom anna Radøy Symjeklubb. I hjarta av bygda ligg hovudsetet for Radøy/Manger Fotballklubb. Det har også vore eit godt sykkel- og friidrettsmiljø i bygda.

Prestegjeldet og kyrkjesoknet Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger er eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Prestegjeldet famnar same område som Radøy kommune, og har tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Desse sokna tilsvarar stort sett dei tre tidlegare kommunane med same namn. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg er prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.


Den tidlegare kommunen Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Manger kommune frå 1930 til 1963:

1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
1450 1555 1367 1312 1344

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Manger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå