Mangereflugeskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mangereflugeskvett
Mangereflugeskvett, ukjent kjønn Foto: Frances Schmechel
Mangereflugeskvett, ukjent kjønn
Foto: Frances Schmechel
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Petroicoidea
Familie: Flugeskvettar Petroicidae
Slekt: Petroica
Art: Mangereflugeskvett P. traversi
Vitskapleg namn
Petroica traversi

Mangereflugeskvett (Petroica traversi) er ein sterkt truga sporvefugl i flugeskvettfamilien med leveområde avgrensa til Chathamøyane utanfor austkysten av New Zealand. Han er nært nærskyld stripeflugeskvett ( P. australis). I motsetnad til slektningane på fastlandet, er flygeevna noko redusert. Evolusjon i fråvære av rovdyr gjort han sårbar for introduserte artar som kattar og rotter, og han vart utrydda på hovudøya i Chathamøyane før 1871. Det norske artsnamnet reflekterer at arten overlevde på Little Mangere Island til 1938 før vernetiltak kom i gang. I 2011 var det trudd å eksistere 260 individ av arten, dei fleste på Rangatira-øya.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av John Gerrard Keulemans

Mangereflugeskvetten er ein liten, sporvestor fugl på ca. 15 cm med kroppsvekt på 22 til 25 gram. Hannfuglar er vanlegvis noko tyngre enn hoer. Fjørdrakta er brunsvart mest over det heile, og han har eit svart nebb og lange, brunsvarte bein med lysare føter. Auga er mørkebrune.

Songen åt hannar er ei enkel strofe av 5 til 7 tonar. Ropet hans er ein einaste høgfrekvent tone.

Mangereflugeskvettar er territoriale slik at hannfuglar patruljerer og forsvarer områda sine. Hoer er kjente for å jage vekk andre hoer. Vanlegvis held para saman frå år til år.

Habitata deira ligg lågt i krattskog. Dei føretrekker flate område av skogen med lag av nedfall. Det er komplette insektetarar, og finn føda på skogbotnen og på låge greiner. Mangereflugeskvettar beitar insekt blant nedfall av blad på bakken kor dei tar larver, kakerlakkar, kongroer, wetaer og biller. Dei gjer korte flygingar frå grein til grein, men flyg ikkje over lange strekk.

Mangereflugeskvettar vil vanlegvis byrje å hekke når dei er to år. Hekkinga føregår mest vanleg i hòle tre og i rotne stubbar. Hoa byggjer to til tre reir, men berre eit blir fullført. Egglegginga skjer til vanleg i oktober og november. Hoa rugar egga, og kvart kull er typisk berre to egg. Begge foreldra matar ungane.

Forventa levetid er ca. fire år. Eit kjent individ blei meir enn 12 år gamalt.

Arten er enno truga, men det er pågåande restaurering av habitat, og utrydding av introduserte rovdyr blir gjennomført.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mangereflugeskvett