Idrettslaget Manglerud Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Manglerud Star)

Idrettslaget Manglerud Star er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Manglerud i Oslo. Laget vart danna i 1964 då Manglerud Idrettslag og Sportsklubben Star slo seg saman. Manglerud Star er aktivt med i fotball og ishockey. Laga spelar i grøne drakter.

Ishockey[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Manglerud Star Ishockey.

Manglerud Star er særleg kjend for sitt ishockeylag. Sidan opprykket til toppserien i 1973 har laget jamnast halde seg på det øvste nivået i seriesystemet. Både i 1977 og 1978 lukkast Manglerud Star, som har Manglerudhallen til heimearena, å vinn NM-pokalen.

Kjende ishockeyspelarar[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget for menn har sidan 1980-åra i enkelte sesongar nådd nivå tre i seriesystemet, men oftast spelt på 4-6. nivå. Kvinnelaget rykte opp til nivå to i 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]