Mango

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Mango» er også eit anna namn på sebramangust.
Mango


Eit mangotre
Eit mangotre

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Sapindales
Familie: Anacardiaceae
Slekt: Mangifera
Vitskapleg namn
Mangifera indica

Mango (Mangifera indica) er eit tre i familien Anacardiaceae som vert opptil 30 meter høgt. Det stammar frå Sør-Asia, der det er ein av dei eldste kulturvekstane, men vert i dag dyrka i dei fleste områda med tropisk klima.

Det finst over 1000 ulike fruktsortar med varierande storleik, utsjånad og bruk. Frukta er generelt saftig, velsmakande og haldbar. Fasongen er rund, oval eller hjarteforma, og skalet kan vere gult, grønt eller raudt. Fruktkjøtet er gult og saftig, med ein godt festa, stor, flat stein. Frukta inneheld mykje vitamin A (meir enn 200 μg retinolekvivalentar per 100 g), og elles om lag 30 mg vitamin C, 156 mg kalium, 82 % vatn og 258 kJ tilførd energi per 100 gram etande vare. Ein kan ete henne rå, kokt, sylta eller som chutney, og vert mellom anna brukt som grønsak og frukt.

Heil og oppdelt mangofrukt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]