Mangroveskog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mangrovesump)
Mangroveskog eller mangrovesumpar er ein tropisk og subtropisk biotop som er utbreidd i kyststrok ved ekvator på alle kontinent unnteke Europa. Det grunnleggande i vegetasjonen her er naturleg nok såkalla mangrovar; tre og buskar som har spesialisert seg på å veksa i tidevatn.
Utbreiing og økologi [endre]
Mangrovar finst langsmed kysten både i tropiske og subtropiske strok. Ofte veks dei i samspel med korallrev, som tek av mykje av støyten frå bølgjene frå havet. Nytta er gjensidig; trea tek opp mange næringsstoff og syt for at korallane får det næringsfattige, lyse vatnet dei treng. Øydeleggjinga av mangroveskogen har mange stader ført til at korallrev har vorte utkonkurrerte av valdsame algeoppblømingar.