Mangystau oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Маңғыстау облысы
Mangystau oblast
Våpen Plassering
Våpenet til Mangystau oblast Plasseringa til Mangystau oblast i Kasakhstan
Koordinatar 44°0′0″N 52°0′0″EKoordinatar: 44°0′0″N 52°0′0″E
Tidssone UTC+5
Administrasjon
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Hovudstad Aktau
Akim Krymbek Kusjerbajev
Inndeling
 – Raionar 4
 – Byar 9
Statistikk
Areal [1] 165 600 km²
Folketal 373 400 (12/2006)[1]
 - Folketettleik 2 /km²
Anna informasjon
Postnummer 130000
Retningsnummer +7 (729)
Bilnummer R
Nettside http://www.mangystau.kz/

Mangystau (kasakhisk Маңғыстау облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktau, som har 154 500 innbyggjarar (2004) og sjølve oblastet har om lag 373 400 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oblastet ligg sørvest i landet og inkluderer mellom anna Mangysjlakhalvøya. Det meste av den kasakhstanske kysten av Kaspihavet ligg her. I tillegg grenser oblastet til landa Turkmenistan og Usbekistan. Av grenseoblast finn ein Aktobe oblast og Atyrau oblast. Det har eit areal på 165 600 km². I tida under Sovjetunionen vart det oppdaga petroleumsførekomstar i området og mykje av området vart industrialisert.

Mangystau har mange forskjellige landskap og ørkenland som Den kaspiske senkinga, Ustiurtplatået, Mangysjlak, Kendirili-Kajasan og ørkenar. Det høgaste punktet er fjellet Otpan på 556 meter over havet, medan det lågaste er Karagije, som ligg heile 132 meter under havnivå.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet nord i Mangystau er kaldt om vinteren, særleg på Ustiurtplatået, som hovudsakleg ligg over havnivå. Klimaet er generelt kontinentalt med kalde vintrar og milde somrar. Middeltemperaturen i januar er -3 ºC og i juli 26 ºC. Det kjem særs lite nedbør i løpet av året, normalt rundt 150 mm.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]