Mannfjorden

Koordinatar: 67°59′38″N 16°26′55″E / 67.99389°N 16.44861°E / 67.99389; 16.44861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°59′38″N 16°26′55″E / 67.99389°N 16.44861°E / 67.99389; 16.44861 Mannfjorden (samisk Spællá) er ein fjordarm av Tysfjorden i kommunane Hamarøy og Narvik i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 11 km søraustover til grenda Mannfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjårnes i sør og Tørrnes i nord. Fjorden går først austover, men etter Kvassvikodden snur han nesten rett sørover. Her går derimot Muskvika austover til garden Mosken. Vidare innover i fjorden er det ingen busetnader før Mannfjorden som ligg heilt inst i fjorden.