Mannheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mannheim
Flyfoto av Mannheim
Flyfoto av Mannheim
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Mannheim
Mannheim is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Først nemnd i 766
Geografi
Flatevidd
 - By

144,96 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

308 070
  2 125/km²
Koordinatar 49°29′0″N 8°28′0″EKoordinatar: 49°29′0″N 8°28′0″E
Høgd over havet 97 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 68001–68309
Telefon-retningsnummer 0621
Bilnummer MA
Heimeside: www.mannheim.de

Mannheim er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg. Han har 310 000 innbyggjarar og er den nest største byen i delstaten etter hovudstaden Stuttgart.

Mannheim ligg der elvane Rhinen og Neckar renn i saman, i det nordvestlege hjørnet av Baden-Württemberg. På andre sida av Rhinen ligg byen Ludwigshafen i Rheinland-Pfalz. Grensa til Hessen går nord for byen. Mannheim er den største byen i Rhinen-Neckar-området, eit storbyområde med 2,4 millionar menneske.

Mannheim er ein unik tysk by fordi sentrumsområdet er bygd som eit rutenett, som mange nordamerikanske byar. Hovudvegen gjennom rutenettet går fram til ein enorm plass frå 1700-talet. Det tidlegare setet til kurfyrstane av Pfalz husar i dag Universitetet i Mannheim.

Wasserturm (vasstårnet), landemerke i Mannheim.

Mannheim sitt bysymbol er Wasserturm (vasstårn), som ligg aust i sentrum av byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mannheim vart først nemnd i skrivne kjelder frå 766, «Kodeks Laureshamensis» frå klosteret Lorsch, der han er lista som Mannenheim, heimstad til Manno. Han var ein landsby fram til Fredrik IV av Pfalz starta bygginga av festninga Friedrichsburg og bykjernen i rutenett.

Byen vart øydelagd under trettiårskrigen i 1622 av Johan t'Serclaes av Tilly sine troppar, og av franskmennene i 1689 i niårskrigen om arveretten til Pfalz.

Byen vart bygd opp att i 1720, og hovudstaden i Pfalz vart flytta frå Heidelberg til Mannheim. Det var då Karl III Filip av Pfalz byrja på Mannheimpalasset og Jesuitenkirche. Dei stod ferdig i 1760. På 1700-talet var Mannheim heimstad for den såkalla Mannheimskulen for klassiske komponistar. Han hadde rykte på seg for å ha eit av dei beste hofforkestra i Europa leidd av Carlo Grua.

Kart over Mannheim frå 1888, viser rutenettet rundt palasset.

Under den andre verdskrigen vart Mannheim kraftig råka av amerikanske og britiske bombefly. Byen vart okkupert av den amerikanske hæren 29. mars 1945, og det amerikanske militæret har sidan den gong hatt militære installasjonar her.

I 2007 feira byen 400-årsjubileum, sjølv om det var i 1606 at Fredrik IV la grunnlaget for festninga i Mannheim.

Inventions Made in Mannheim[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mannheim

Kjelde[endre | endre wikiteksten]