Mannsåker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mannsåker er ei grend i Ullensvang kommune i Hardanger i Vestland fylke. Mannsåker i Odda G nr 55. Garden grensar til Vasstun i sør og til Hjøllo i nord, i vest dannar elva Opo naturleg grense og mot aust har Mannsåker rettar like til høgfjellet.

Kort gardshistorie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Mannsåker er samansett av man dvs. fleire trælar og åker, som gjev tydinga: staden der trælane fekk bryta seg åker. Garden er fyrste gong nemnd i Bergen Kalvskinn. i 1340. Gjennom heile mellomalderen var garden eitt bruk, men i 1612 skifter Oddmund garden i to.

I jordboka for 1626 er det sagt om garden at han har ei medels jord til åker og eng. Garden har gjennom tidene vorte hardt råka av ulukker. Tre gonger har det kome jordskreder, dei gav m.a. lågare skatt på garden, og i 1675 og 1858 brann dei fleste husa på garden ned.

Prestæker var ein stor åker på garden som kyrkja, dvs. prestebordet i Ullensvang, hadde part i. Desse partane vart innløyst av garden i 1856-97.

Garden vert delt[endre | endre wikiteksten]

I 1723 er det to bruk og to tun på Mannsåker: Neditun, (samandrege i uttalen til Nitun) og Oppitun. I 1781 vart Oppitun delt likt mellom ein bror og ei syster, Nitun vart i 1811 delt likt mellom 2 brør. Frå 1891 er det 5 bruk på Mannsåker. Det femte bruket vart til ved oppkjøp av parsellar frå dei andre bruka.

Utskifting[endre | endre wikiteksten]

I 1901 var det jordskifte på Mannsåker. I åra 1904 til 1908. vart det bygd nye løer og våningshus på dei fleste bruka. Bruk 1, Nitun, fekk sitja att i det gamle tunet. Ved folketeljinga 1900 var det 56 menneske på garden.

Etter kvart som driftsmåtar vart rasjonaliserte og mindre arbeidskrevjande, minka folketalet. I 1950-åra var det om lag 25 menneske på garden. Det at gardane kunne drivast som små einingar fram mot vår tid, heng klart saman med tilgang på arbeid utanom gardsdrifta, t.d. var det fleire som fekk arbeid i industrien i Odda, som var Odda Smelteverk. I 2009 er det drift på dei fleste bruka på Mannsåker, innmarka vert slått og det er sauehald som dominerer i drifta.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, Band I-III, Odda 1962-1967.
  • Jon Låte: Kultursti Mannsåker Hjøllo tekst tavle om Mannsåker 1995-2007.

I tillegg til å vera eit gardsnamn er namnet nytta som eit etternamn.

Personar med Mannsåker som etternamn[endre | endre wikiteksten]