Mansi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mansisk språk)
Mansi
маньси/моаньсь
Klassifisering Uralsk
 ugrisk
Bruk
Tala i Russland
Område Khanty-Mansia
Mansitalande i alt 938[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-3 mns
Glottolog mans1269

Mansi (tidlegare vogulsk) er eit uralsk språk som blir snakka i den vestlege delen av Sibir i Russland. Det er eit av dei tre språka i den ugrisk språkgruppa. To av desse tre språka, mansi og khanti, blir ofte referert til i lag som den obugriske språkgruppa.

Mansi blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir, langs breidda av Ob og Ob sine sideelver, særleg Sosva og Sygva.


Dialektar og språksituasjon[endre | endre wikiteksten]

Det er fire ulike mansiske språk, nord-, aust, vest- og sørmansi. Sørmansi døydde ut allereie på slutten av 1800-talet. Vestmansi og austmansi har berre eit par talarar att, slik at det store fleirtalet av talarar snakkar nordmansi. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 938 menneske som snakka mansi. Den etniske gruppa talde 12 300 personar.[1] Etter den sovjetiske folketeljinga i 1989 hadde 3140 mansiar mansi som morsmål mens 252 hadde det som andrespråk. 5232 av mansiane hadde russisk som førstespråk, mens 2788 hadde det som andrespråk (vi ser bort ifrå ei lita feilkjelde for tredjespråkskunnskapar). Dette inneber at 1/3 av mansiane hadde mansi som førstespråk, mens 60 % av mansiane ikkje snakka mansi i det heile. Viss språkskiftet har gått jamt for seg i dei mansiskspråklege områda tyder dette på at det for det meste berre er dei som er over ca. 45 år gamle (dei som vart fødd før den nye assimileringspolitikken under Nikita Khrusjtsjov) som framleis snakkar mansi.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Dei mansiske språka høyrer til det vestsibirske Sprachbundet, i lag med khantisk og nenetsisk. I tillett til at språka er SOV-språk dominert av postposisjonar, har dei også objektskonjugasjon der verbet kongruerer med subjektet i tre numerus og personar, og med objektet i tre numerus.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Fonemsystemet i nordmansi (sosvamansi) består av fire korte og fem lange vokalar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mansisk morfologi.

Substantivmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Kasussystemet i nordmansi skil mellom substantiv og pronomen. Pronomena har eit dominerande grammatisk system (sjå nedanfor), mens substantiva har eit lokalkasusystem med nominativ, lokativ, lativ, ablativ, translativ og instrumentalis, altså med eit system der skilnaden mellom subjektet og objektet ikkje først og fremst blir uttrykt via kasus.

Mansi har, som dei samiske språka, tre numerus, eintal, total og fleirtal. Men der samisk har total berre for verb (moai oidne "vi to ser"), bøyer mansi substantiva i tre numerus, med endinga -ыг i total og -эт i fleirtal.

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen blir bøygd i person og tal, og i fem kasus: nominativ, akkusativ, dativ, ablativ og komitativ. Til skilnad frå for substantiv blir akkusativforma brukt til å markere det direkte objektet brukt, dativ tilsvarer lativ i substantivbøyinga, mens komitativsuffikset tilsvarer instrumentalis i substantivbøyinga.

Verbmorfologi[endre | endre wikiteksten]

I mansi kongruerer verbet med subjektet i tre personar og tre tal, og med det bestemte objektet i tre tal, singularis, dualis og pluralis. Verbet blir også bøygd i tempus (presens, preteritum), modus (indikativ, imperativ, Konditional-optativ, narrativ) og aktiv og passiv (Diatese).

Affiksrekkjefølgja for verbdanninga er: Verbstamme - (infinitiv) - (modus) - (passiv-markering) - tempus - person

Verb i mansisk blir bøygd i presens og preteritum, futurum blir markert med presens kombinert med tidsadverb, eller med hjelpeverbet pat- ('byrje'). Presens og bestemt konjugasjon (objektkonjugasjon) blir danna med verbstamme - presensmarkering - objektsuffiks - subjektssuffiks. Subjektsuffikset uttrykker person og tal (3 x 3 former), mens objektsuffikset uttrykker berre tal (singularis, dualis, pluralis).

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Ordstilling[endre | endre wikiteksten]

Som for dei fleste agglutinerande språk er ordstillinga i mansisk SOV. I tillegg kan setninga innehalde adverbial, anten først i setninga, eller mellom subjektet og det finitte verbet. Det er mogleg å avvike frå SOV-rekkjefølgja, i tilfelle for å legge vekt på det topikaliserte leddet.

Interrogative setningar har same ordstilling som forteljande setningar.

På frasenivå står presiserande ledd før hovudordet. Dermed kjem adjektiv før substantivet, og hovudverb før hjelpeverbet.

Negasjon[endre | endre wikiteksten]

For å uttrykke negasjon bruker mansisk partikkelen at ('ikkje') og āt'i ('ingen').

Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Talord viser klårt språkslektskapet med samiske og austersjøfinske språk:

  • 1. — аква (акв) akva / ein ( fi. yksi, nords. okta)
  • 2. — китыг (кит) kityg / to (fi. kaksi, nords. guokte)
  • 3. — хурум khurum / tre (fi. kolme, nords. golbma)
  • 4. — нила nila / fire (fi. neljä, nords. njeallje)
  • 5. — ат at / fem (fi. viisi, nord. vihta)
  • 6. — хот khot / seks (fi. kuusi, nords. guhta)
  • 7. — сат sat / sju (fi. seitsemän, nords. čieža)
  • 8. — нёллов njollov / åtte (fi. kahdeksan, nords. gávčči)
  • 9. — онтэллов ontellov / ni (fi. yhdeksæn, nords. ovcci)
  • 10. — лов lov / ti (fi. kymmenen, nords. logi)

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på mansi. Rett etter revolusjonen fekk mansi, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.

Nordmansi er det største mansiske språket, og det einaste som det blir undervist etter i skolen. Tidlegare vart det også publisert ordbøker på austmansi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dokumenterte språkhistoria for mansi er kort, den første kjelda vi har er ei ordliste frå Strahlenberg 1730. Det har vist seg vanskeleg å rekonstruere eit ugrisk urspråk, så det dominerande synet i dag er at obugrisk (khanty og mansi) utgjer ein språkfamilie under uralsk, og ungarsk ein annnan.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Sentrale namn er August Ahlqvist, Artturi Kannisto, Matti Liimola, Béla Kálmán, Vuokko Eiras. Til skilnad frå mange andre små uralske språk i Sovjetunionen har mansi vore så heldig å ha ein sentral språkforskar med mansi som morsmål, E.I. Rombandeeva.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Honti, László 1975: System der paradigmatischen Suffixmorpheme des wogulischen Dialektes an der Tawda. Budapest: Akadémiai Kiadó. (Standardverket om sørmansisk)
  • Kálmán, Béla (1965). Vogul Chrestomathy 46 (Indiana University Publications. Uralic and Altaic Series utg.). The Hague: Mouton. 
  • Kulonen, Ulla-Maija (2007). Itämansin kielioppi ja tekstejä XV. Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura. ISBN 978-952-5150-87-2. 
  • Munkácsi, Bernát and Kálmán, Béla. 1986. Wogulisches Wörterbuch. Akadémiai Kiadó, Budapest.
  • Riese, Timothy. Vogul: Languages of the World/Materials 158. Lincom Europa, 2001. ISBN 3-89586-231-2
  • Rombandeeva, E.I. og M.P.Vaxruševa 1989: Mansijskij jazyk. Leningrad: Prosveščenie.
  • Ромбандеева, Евдокия Ивановна. Мансийский (вогульский) язык, Russian Academy of Sciences, 1973.
  • Strahlenberg, Philipp Johann von 1730: Das nord- und ostliche Theil von Europa und Asia, in so weit solches das gantze ruszische Reich mit Siberien und der Grossen Tatarey in sich begreiffet, in einer historisch-geographischen Beschreibung der alten und neuern Zeiten, und vielen andern unbekannten Nachrichten vorgestellet, nebst einer noch niemahls ans Licht gegebenen Tabula polyglotta von zwey und dreyszigerley Arten tatarischer Völcker Sprachen und einem kalmuckischen Vocabulario, sonderlich aber einer grossen richtigen Land-Charte von den benannten Ländern und andern verschiedenen Kupfferstichen, so die asiatisch-scythische Antiqvität betreffen; bey Gelegenheit der schwedischen Kriegs- Gefangenschafft in Ruszland, aus eigener sorgfältigen Erkundigung, auf denen verstatteten weiten Reisen zusammen gebracht und ausgefertiget von Philipp Johann von Strahlenberg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]