Mantes-la-Jolie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mantes-la-Jolie
Kyrkja Sainte-Anne de Gassicourt i Mantes-la-Jolie
Kyrkja Sainte-Anne de Gassicourt i Mantes-la-Jolie
Kyrkja Sainte-Anne de Gassicourt i Mantes-la-Jolie
Byvåpenet til Mantes-la-Jolie
Byvåpenet til Mantes-la-Jolie
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Yvelines
Geografi
Flatevidd 9,38 km²
Flatevidd
 - By

9,38 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

42 400
  4 520/km²
Koordinatar 48°59′″N 01°43′″EKoordinatar: 48°59′″N 01°43′″E
Høgd over havet 34 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 78200
Heimeside: www.mairie-mantes-la-jolie.fr

Mantes-la-Jolie (ofte berre kalla Mantes) er ein kommune i dei vestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 48,4 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yvelines.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mantes låg halvvegs mellom maktsentera til hertugane av Normandie i Rouen og kongane av Frankrike i Paris. I lag med det meste av Nord-Frankrike skifta området eigar mange gonger under hundreårskrigen. Filip Augustus døydde i Mantes 14. juli 1223.

Louis XIV oppretta ein fabrikk for musikkinstrument i Mantes, og han vart vald til senter for produksjon av messing- og treblåsarinstrument. På 1800-talet kom det mange målarar til byen, særleg Corot, som måla kjende bilete av brua og katedralen. Prokofiev var her sommaren 1920 og orkestrerte balletten Chout.

Byen vart opphavleg kalla Mantes-sur-Seine (som tyder «Mantes ved Seinen»), men då Mantes vart slått saman med kommunen Gassicourt i 1930 vart den nye kommunen kalla Mantes-Gassicourt.

Under den andre verdskrigen var Mantes det første allierte bruhovudet over Seinen den 9. august 1944. Byen vart hardt råka av krigen.

7. mai 1953 fekk kommunen offisielt namnet Mantes-la-Jolie (som tyder 'Mantes den vakre'), visstnok som ein referanse til eit brev kong Henrik IV skreiv til elskarinna si, Gabrielle d'Estrée, som budde i Mantes: «Eg er på veg til Mantes, mi vakre».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mantes-la-Jolie