Manuel Zelaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manuel Zelaya

José Manuel Zelaya Rosales (fødd 20. september 1952) var presidenten i Honduras frå januar 2006 til han blei avsett ved eit statskupp i juni 2009.

Zelaya vart fødd i Olancho-provinsen. Han gjekk inn i Honduras' liberale parti (Partido Liberal de Honduras, PLH) i 1970. Den 27. november 2005 vann han presidentvalet med 49,9 % av røystene og blei innsett som den femte presidenten til partiet den 27. januar året etter. PLH hans vart det største partiet i den honduranske nasjonalforsamlinga, nasjonalkongressen, men hadde ikkje fleirtal der.

I juni 2009 oppstod ei politisk krise i Honduras då Zelaya mot stor motstand ønskte å halda eit folkeval om ei grunnlovsendring som ville gjera det mogleg for han å bli gjenvald. Den 28. juni 2009 blei Zelaya avsett av hæren etter ordre frå høgsteretten i landet, og send til nøytrale Costa Rica. Same dagen vedtok nasjonalkongressen å avsette Zelaya. Leiaren for nasjonalkongressen, Roberto Micheletti, også frå PLH, blei sett inn i staden.

[endre] Kjelder

Føregjengar:
 Ricardo Maduro 
President i Honduras
Etterfylgjar:
  
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk