Manuela Ramin-Osmundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manuela Ramin-Osmundsen

Manuela Myriam Henri Ramin-Osmundsen (fødd 15. juli 1963) er ein norsk jurist og politikar fødd på Martinique. Frå 18. oktober 2007 til 15. februar 2008 var ho statsråd og sjef for barne- og likestillingsdepartementet i Stoltenberg-regjeringa. Ho var den første ikkje-kvite statsråden i norsk historie. Ho er gift med tidlegare personleg rådgjevar for statsminister Kåre Willoch, og tidlegare leiar i Unge Høgre, Terje Osmundsen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ramin-Osmundsen er utdanna cand. jur. frå Université Paris II i Frankrike, med EU-rett som spesialområde. Ho har vidareutdanning innan spesialpedagogikk frå Høgskolen i Oslo.

Yrkeskarriere utanfor politikken[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1998–2002 leidde ho det statlege Senter mot etnisk diskriminering. Etter dette var ho assisterande direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) frå 2002 og direktør frå 17. mars 2006 til 22. mai 2006. Ho måtte trekkja seg som direktør fordi UDI under henne hadde gjeve opphaldsløyve til flyktningar som regjeringa meinte ein skulle senda heim. Ho arbeidde deretter som prosjektleiar i globalavdelinga i Utanriksdepartementet. I august 2007 starta ho i ny stilling, med ansvar for rekruttering i Manpower. Etter to månader i den nye jobben slutta ho for å tiltre som statsråd.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Da ho tok over for Karita Bekkemellem som barne- og likestillingsminister, vart ho den første norske statsråden med ikkje-kvit hudfarge, og første statsråd med innvandrarbakgrunn på 21 år (forbrukar- og administrasjonsminister Astrid Gjertsen, 1981-1986, var innvandra frå Danmark). Ramin-Osmundsen innvandra til Noreg i 1991 frå den franske øya Martinique i Det karibiske havet, og vart innvilga norsk statsborgarskap tidleg i oktober 2007. Ved tilsetjinga av nytt barneombod i februar 2008 fekk Ramin-Osmundsen sterk kritikk for å ha halde attende informasjon om at ho kjende det nye barneombodet. 14. februar 2008 kunngjorde ho at ho på grunn av denne saka ville trekkja seg som statsråd. Ho fratredde offisielt statsrådstillinga si i kongeleg statsråd fredag 15. februar 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.