Manzanares

Koordinatar: 39°00′N 3°22′W / 39.000°N 3.367°W / 39.000; -3.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manzanares
elv
Manzanares renn gjennom Madrid
Land  Spania
Lengd 92 km
Middelvassføring 10–15 /s
Kjelde Sierra de Guadarrama
 - høgd 2 010 moh.
Munning Jarama
 - høgd 533 moh.
Kart
Manzanares
40°18′15″N 3°32′21″W / 40.30406°N 3.539275°W / 40.30406; -3.539275
Wikimedia Commons: Manzanares River

Manzanares er ei elv sentralt i Spania som renn gjennom Madrid. Ho er ei av sideelvame til Jarama.

Manzanares nær Getafe

Elva spring ut nær fjellovergangen Navacerrada i Sierra de Guadarrama. Den øvre delen av elva renn gjennom Parque Regional de la Cuenca Alta del Manzanares, eit naturreservat. Manzanares renn søraustover frå kjelda, og renn gjennom mellomalderbyen Manzanares el Real der ho dannar Santillana-reservoaret, ei av dei viktigaste drikkevasskjeldene til Madrid. Elva renn så sørover og inn i Monte del Pardo, ein verna skog ved Madrid. Elva er kanalisert gjennom byen. Manzanares renn gjennom dei vestlege delane av byen og fungerer som grense mellom det gamle bysentrumet og bydelane Carabanchel og Usera i sørvest, mellom anna forbi fotballstadionen til Atlético Madrid, Vicente Calderón. Elva renn ut av dei sørlegaste delane av byen. Ho gjer ein krapp sving austover og forbi landsbyane Perales del Río mot elva Jarama, som ho munnar ut i ved Arganda del Rey. Heile elva har ei lengd på 83 km.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bru over Manzanares i Grajal

Sjølv Manzanares er lita og geografisk uviktig, har ho vore historisk viktig på grunn av plasseringa ved Madrid. Byen vart grunnlagd av maurarar som ein citadell oppfor elva på 800-talet.

Elva er òg tema på mange måleri av Francisco de Goya frå seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

Manzanares var òg ei viktig forsvarslinje for dei republikanske styrkane under omleiringa av Madrid i den spanske borgarkrigen, og mange bunkersar står framleis nær landsbyen Perales del Río.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

39°00′N 3°22′W / 39.000°N 3.367°W / 39.000; -3.367