Maoriflugeskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maoriflugeskvett

Status i verda: LC Livskraftig

Maoriflugeskvett, hannfugl på Sørøya Foto: Mark Jobling
Maoriflugeskvett, hannfugl på Sørøya
Foto: Mark Jobling

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Petroicidae
Slekt: Petroica
Art: P. macrocephala
Namn på andre språk
  • Engelsk: Tomtit
Vitskapleg namn
Petroica macrocephala

Maoriflugeskvett, Petroica macrocephala, er ein liten sporvefugl i flugeskvettfamilien, Petroicidae. Han er endemisk til New Zealand, utbreiinga strekkjer seg over dei to hovudøyane og dessutan over fleire av dei omkringliggande øyane. Det er fleire underarter som viser stor variasjon i fjørdrakt og storleik. Der er òg stor skilnad i fjørdrakt mellom kjønna. Arten er ikkje truga, og har tilpassa seg endringane i New Zealand sitt biologiske mangfald.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Maoriflugeskvett på Nordøya.
Illustrasjon av J.G.Keulemans

Maoriflugeskvetten er ein liten fugl, 13 centimeter og 11 gram på hovudøyane, med eit stort hovud og eit kort nebb. Hannar på Nordøya har svart hovud og rygg, svarte venger med kvitt vengeband, og ein kvit buk. Underartar på Sørøya, Chatham-øyane og Auckland-øyane er like, men har eit gult område over brystet under den svarte halsen. Hoene er brune i staden for svart. Begge kjønna av underarten på Snares-øyane er heilt svart, og er kjent som 'Black Tit'.[1]

Underartar av maoriflugeskvetten utanfor hovudøyane viser ein slåande variasjon i kroppsstorleik, er òg monaleg større enn sine fastlandsslektningar, ein tendens kjent som Foster sin regel. Fuglar frå hovudøyane veg rundt 11 g, medan fuglar på Snares-øya veg opp mot 20 gram.

Maoriflugeskvettar er hovudsakleg insektetarar, beitar på små virvellause dyr som biller, larver, edderkoppar, møll, wetaer, meitemark og fluger. Om vinteren og hausten kan dei ete av frukt. Dei fleste underartane beitar i vegetasjon, ventar på ei grein og ser etter byttedyr. Dei plukkar òg insekt frå greiner og blad. Underarten på Snares-øyane beitar òg på bakken, på ein liknande måte som stripeflugeskvett.[1]

Taksonomi og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Maoriflugeskvett er ein av fire arter i slekta Petroica funne på New Zealand, slekta er truleg kolonisert frå Australia. Arten vart tidlegare trudd å ha vorte nedstamma frå skarlaksflugeskvett,[2] men nyare forsking set spørsmålstegn ved dette. Det er fem underarter av maoriflugeskvett, kvar underart er avgrensa til kvar av dei følgjande øyar eller øygrupper, Nordøya, Sørøya, Snares-øyane, Chatham-øyane og Auckland-øyane. Maori-namnet på Nordøya er 'Miromiro', medan han på Sørøya er kjent som 'Ngirungiru'.

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[3]

  • Petroica macrocephala toitoi, Nordøya og nærliggjande øyar
  • Petroica macrocephala macrocephala, Sørøya og Stewart Island/Rakiura
  • Petroica macrocephala marrineri, Auckland-øyane
  • Petroica macrocephala chathamensis, Chatham-øyane
  • Petroica macrocephala dannefaerdi, Snares-øyane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. C.A. Fleming, (1950) New Zealand flycatchers of the genus Petroica Swainson (Aves), Parts I and II, Trans. Roy. Soc. NZ 78, pp. 14–47 126–160.
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updateindex/23aug2011overview/, henta 7. januar 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Maoriflugeskvett
Namn på andre språk
Svensk Messydhake
Dansk Newzealandsk Sangfluesnapper
Engelsk Tomtit
Maori Miromiro
Bokmål Maoriflueskvett