Marañón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marañón
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
Utspring Isbreen i Nevado de Yapura, Cordillera Huayhuash, Andes
- Høgd 5 800 m
Munning Amazonaselva vest for Iquitos
Land i nedslagsfelt Peru, Ecuador
Lengd 1 905 km
Sideelvar Utcubamba, Cenepa, Santiago, Morona, Pastaza, Huallaga og Tigre m.fl.

Marañón er ei 1 905 km lang elv i Peru, og ei av sideelvane til Amazonaselva.

Elva har utspring i 5 800 meters høgd nær Cordillera Huayhuash ca. 160 km nordaust for Lima, renner gjennom ein stor del av Andesfjella i det nordlege Peru og tar imot fleire sideelvar, m.a. Utcubamba. Når ho møter Ucayali skiftar dei namn til Amazonaselva. På vegen ned gjennom høgfjellet til flat regnskog går elva gjennom fleire djupe gjel.

Elvedalen Marañón mellom Chachapoyas og Celendín.
(Foto: Gerd Breitenbach)

Elva er ein viktig del av romanen La Serpiente de Oro, av den peruvianske forfattaren Ciro Alegría.