Marbella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marbella
Ein del av strandpromenaden i Marbella
Ein del av strandpromenaden i Marbella
Byvåpenet til Marbella
Byvåpenet til Marbella


Plassering
Marbella is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Málaga
Borgarmeister María Ángeles Muñoz Uriol
Geografi
Flatevidd
 - By

114,3 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

124 332
  1 087,8 /km²
Koordinatar 36°31′0″N 4°53′0″WKoordinatar: 36°31′0″N 4°53′0″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.marbella.es

Marbella er ein by i Andalucía i Spania ved Middelhavet i provinsen Málaga. Byen har kring 125 000 innbyggjarar (2008).

Marbella og den nærliggande Puerto Banús er viktige feriestader med strender på Costa del Sol. Byen er kjend som feriestad for rike og kjende. Dei siste åra har rykte til Marbella vorte dårlegare på grunn av korrupsjonsskandalar hos dei lokale styresmaktene[1] og band til organisert kriminalitet.[2]

Området rundt Marbella er særleg populært for folk som likar golf.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort arkeologiske funn i fjella rundt Marbella som viser at det har vore busetnad her sidan yngre steinalder. Her er òg funn frå fønikarane og seinare kartagarar. I romartida vart byen kalla Salduba.

Ruinar av ei romersk bru i Marbella

Under det islamske styret, bygde muslimane ei borg i byen, som dei omringa med murar. Namnet Marbella kjem frå Marbil-la og denne islamske perioden. Oppdagaren Ibn Battuta skildra byen som «ein liten, vakker by i eit frodig distrikt»[3]. I 1485 erobra spanjolane byen og byen voks dei neste hundreåra.

I 1940-åra var Marbella berre ein liten landsby med kring 900 innbyggjarar. Dette endra seg raskt då fyrst Max Egon zu Hohenlohe-Langenburg og arvingen hans Alfonso de Hohenlohe opplevde problem med Rolls-Royce-bilen sin i nærleiken. Det første møtet deira med Marbella imponerte Alfonso så mykje at kjøpte landområde her for å starte turistverksemd. I 1954 opna han Marbella Club Hotel. Sidan Alfonso høyrte til adelen i Europa trekte hotellet raskt til seg den herskande eliten i Europa og dei som sosialiserte med dei.

I 1980-åra var Marbella framleis ein jet set-destinasjon, men i 1987 fekk byen negativt fokus då Melodie Nakachian og den koeranske songaren Kimera vart kidnappa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]