Marburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marburg
Marburg Schloss.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Marburg
Marburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Marburg-Biedenkopf
Kreisfri by
Grunnlagd 1000-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

124,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

79 375
  638/km²
Koordinatar 50°49′0″N 8°46′0″EKoordinatar: 50°49′0″N 8°46′0″E
Høgd over havet 173-412 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 35001-35043
Telefon-retningsnummer 06421
Bilnummer MR
Heimeside: www.marburg.de

Marburg er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Lahn og er den største byen i landkreisen Marburg-Biedenkopf.

I tillegg til universitet sitt, Philipps-Universität, som er det eldste protestantiske universitet i verda, grunnlagd i 1527, er Marburg kjend for sine mellomalderkyrkjer, særleg Elisabethkirche, ei av dei tre eller fire første reine gotiske kyrkjene nord for Alpane utanfor Frankrike, for det vakre slottet og for den godt bevarte gamle bykjerna. Byen låg isolert frå rundt 1600 til 1850, og svært mange mellomalderbygningar er derfor bevart, rett og slett fordi ingen brukte pengar på å bygge nytt. Då romantikken breidde seg i Tyskland på 1800-talet vart byen igjen interessant, og mange av dei største representantane for den romantiske rørsla levde, underviste eller studerte i byen. Dei utgjorde eit nettverk av vener som hadde stor innverknad, særleg innan litteratur, filologi, folklore og jus. Gruppa inkluderte Friedrich Karl von Savigny, den mest framtredande juristen i si samtid og hovudmannen bak innføringa av romersk lov i Tyskland; dessutan Achim von Arnim og Clemens von Brentano. Mest kjend var derimot Grimm-brørne, som samla mange av sine eventyr her — Rapunzeltårnet står i Marburg, og på andre sida av Lahnhøgdene, i området kalla Schwalm, hadde småjentene i dei dagane ofte ei raud hette på hovudet. På 1970-talet var byens borgarmeister ein føregangsmann i å bevare og restaurere gamle bygningar i ei tid der mange andre ønsket å rive dei ned og bygge nytt, og byen har fått mange internasjonale prisar for dette. Marburg er derfor ein i høg grad uspolert, romantisk by i gotisk- og renessansestil, som ligg på ei høgd, prega av sine mange spir og dominert av universitet sitt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart første gong nemnd i 1138 som Marcburg (Marburger Schloss) under landgreven av Thüringen. Marburg fekk byrettar i 1222. Frå 1248 til 1604 var Marburg residens for landgrevane av Hessen. I 1527 grunnla landgreve Fillip I av Hessen det vidkjende Phillips-universitetet. Dei såkalla religionssamtalane mellom Martin Luther og Ulrich Zwingli (Marburger Religionsgespräche) fann stad her i 1529. I 1604 vart Marburg ein del av hertugdømet Hessen-Kassel. Mellom 1806 og 1813 var byen underlagt det napoleonske kongeriket Westfalen. I 1866 vart Marburg ein del av Preussen.

I Elisabethkirche kviler rikspresident Paul von Hindenburg med frue. Òg dei prøyssiske kongane Fredrik Vilhelm I av Preussen og Fredrik II er gravlagd i Marburg.

I tillegg til det hessiske statsarkivet husar Marburg ei rekkje viktige arkiver, m.a. Deutsches Adelsarchiv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]