Marc Bolan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marc Bolan
Verkeleg namn Mark Feld
Fødd 30. september 1947
Hackney, Aust-London, England
Død 16. september 1977 (29 år)
Barnes, London, England
Instrument Gitar, vokal, bass, Moogsynthesizer, perkusjon
Sjanger Hardrock, glamrock, psykedelisk folk, psykedelisk rock, poprock
Aktive år 1957–1977
Yrke Musikar
Tilknytte artistar T. Rex, John's Children
Plateselskap A&M, EMI, Reprise, Mercury
Kjende instrument
Gibson Les Paul
Gibson Flying V
Fender Stratocaster

Marc Bolan (fødd Mark Feld30. september 194716. september 1977) var ein engelsk låtskrivar, gitarist og diktar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med det britiske rockebandet T. Rex. Musikken han, samt den originale stilen og det uvanlege scenenærværet, gjorde at han var med på å skape glamrockbølgja som gjorde han til ei av dei største stjernene i Storbritannia på første halvdel av 70-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Bolan voks opp i Hackney i Aust-London. Han vart tidleg interessert i rock 'n' roll og vart ein mod i 60-åra. Ni år gammal fekk han den første gitaren sin og starta eit skiffle-band kort tid etter. På skulen spelte han gitar i Susie and the Hoops, ein trio med den 12 år gamle Helen Shapiro som vokalist. Han slutta skulen 15 år gammal og arbeidde ei kort stund i eit modellbyrå og vart ein «John Temple Boy» der han var modell for kleskatalogar.

Mark Feld endra namnet sitt til Toby Tyler då han møtte og flytte inn hos barneskodespelar Allan Warren, som vart den første manageren hans. Warren fekk leigd eit studio og Bolan spelte inn sine første prøvespelingar. Desse lydbanda dukka først opp att 25 år seinare i 1991 og vart seld for nesten åtte tusen dollar. Han endra namn igjen, først til Mark Bowland, før han vart Marc Bolan og fekk kontrakt hos Decca Records, der han spelte inn den første singelen sin, «The Wizard». Tidleg i 1967 gjorde manager Simon Napier-Bell han til medelm av pop-mod-bandet John's Children, som fekk noko suksess som liveband, men som selde få plater. Ein singel for John's Children skriven av Marc Bolan var «Desdemona»

Tyrannosaurus Rex[endre | endre wikiteksten]

Då John's Children vart oppløyst starta Bolan og Steve Peregrine Took ein duo kalla Tyrannosaurus Rex, ein psykedelisk-folkrock akustisk duett, som spelte songane til Bolan, medan Took spelte perkusjonsinstrument og stundom bass.

Denne utgåva av Tyrannosaurus Rex gav ut fire album og fire singlar. Fleire av dei klatra oppover på salslistene, særleg fordi Radio 1-vert John Peel tykte godt om bandet og spelte dei på radioshowet sitt. Etter kvart vart Took sparka frå bandet og Bolan kjøpte seg ein elektrisk gitar. Took vart erstatta med Mickey Finn, og han starta å spele inn nokre songar med elektrisk gitar for A Beard of Stars, det siste albumet under namnet Tyrannosaurus Rex.

Bolan som no var gift med kjærasten June Child (som tidlegare hadde vore sekretær for manageren til ein av heltane sine, Syd Barrett), korta ned namnet på gruppa til T. Rex og skreiv og spelte inn «Ride a White Swan» med Bolan på elektrisk gitar og Finn på perkusjon.

T. Rex og glam rock[endre | endre wikiteksten]

Bolan og produsenten hans Tony Visconti spelte inn «Ride a White Swan» og singelen endra karrieren til Bolan nesten over natta. Singelen klatra sakte men sikkert oppover singellista i Storbritannia og tidleg i 1971 hadde han nådd andreplassen. Bolan og Visconti fann på mange måtar opp stilen som skulle verte glamrock. Bolan starta å gå med flosshatt og fjærboaer på scenen, og nytta glitter i andletet.

Under glam-perioden vart ein av venene til Bolan, David Bowie, og ei stor stjerne. Bolan og Bowie vart kjende i tida i undergrunnen og Bolan hadde mellom anna spelt gitar på singelen til Bowie frå 1970, «Prettiest Star»). Etter kvart nytta til og med Mick Jagger, Rod Stewart og Grand Funk Railroad noko glitter.

Bolan følgde «Ride a White Swan» og T. Rex med å utvide bandet til ein kvartett med bassist Steve Currie og trommeslagar Bill Legend. Dei spelte inn singelen «Hot Love», som gjekk til topps på singellista og låg der i seks veker. Denne vart raskt etterfølgd av «Get It On», som låg fire veker på førsteplassen. Songen vart omdøypt «Bang a Gong (Get It On)» då han vart gjeven ut i USA for å unngå at han vart forveksla med ein annan song med same namn av Chase. Songen nådde 10. plass i USA tidleg i 1972, den einaste hitten bandet hadde her.

I november 1971 gav bandet ut Electric Warrior. I 1972 fekk Bolan to førsteplassar til i Storbritannia med «Telegram Sam» og «Metal Guru», og to andreplassar med «Children Of The Revolution» og «Solid Gold Easy Action». Same året medverka han i filmen til Ringo Starr, Born to Boogie, ein konsertdokumentar frå Wembley Empire Pool den 18. mars 1972. Her spelte mellom anna T. Rex i lag med Ringo Starr på trommer og Elton John på piano.

I 1973 spelte Bolan sologitar i lag med venen Jeff LynneElectric Light Orchestra-songane «Ma-Ma-Ma Belle» og «Dreaming of 4000» frå On the Third Day, samt på «Everyone's Born To Die». Bolan spelte gitar på albumet Ringo av Ringo Starr på songen «Have you seen my baby [hold on]». Frå seint i 1973 vart populariteten hans mindre, sjølv om han nådde 3. plass med «20th Century Boy» i februar. Bolan utvida i 1974 bandet med ein andregitarist , Jack Green, og andre studiomusikarar, og byrja sjølv å ta kontroll over produksjonen på albuma.

I 1974 spelte Bolan gitar for Ike & Tina Turner på «Nutbush City Limits», «Sexy Ida (Part II)» og «Baby Get It On». Tina Turner stadfesta dette i intervju med BBC Radio One.

Bolan gifta seg med kordama si, Gloria Jones, og musikken til T. Rex vart meir soulprega. Legend forlet bandet i 1973 og Finn i 1975. Bolan prøvde hardt å slå igjennom i USA dei neste tre åra utan lukkast. Singlane og albuma vart stadig mindre populære, og songane hadde ofte uvanlege tekstar og bar stundom preg av eksentriske musikalske eksperiment. Bolan la på seg og helsa byrja å bli verre. Han fann til slutt ut at han ikkje kom til å lukkast i USA og fokuserte igjen på marknaden i Storbritannia i 1976.

Tilbake att[endre | endre wikiteksten]

Gloria Jones og Bolan fekk ein son i september 1975, Rolan Bolan (på liknande vis som sonen til David Bowie, Zowie Bowie). Same året reiste Bolan attende til Storbritannia. Tidleg i 1977 sette Bolan eit nytt band saman og gav ut albumet Dandy in the Underworld, før han la ut på ein ny turne i Storbritannia med punkrockbandet The Damned som oppvarmingband. Dette gjorde han populær hos ungdomen. Granada Television gav så Bolan eit eige fjernsynsshow, Marc, der han introduserte nye og etablerte band, samt spelte sine eigne songar. På denne tida hadde Bolan slanka seg, go såg like frisk ut som han hadde gjort tidleg i karrieren til T. Rex. Showet vart ein stor suksess. I den siste episoden spelte Bolan i lag med David Bowie der Bolan fall av scenen. Det var ikkje tid til å filme det heile på nytt, så dette hamna på lufta, og ein kan tydleg sjå at Bowie syns det er morosamt.

Død[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerket til Bolan.

Bolan døydde den 16. september 1977, to veker før han fylte 30 år.[1][2] Han og Gloria Jones køyrte heim frå ein tur på byn, med Jones bak rattet, då ho mista kontroll over bilen og kræsja i eit tre. Bolan døydde momentant, medan Jones vart hardt skadd. I 2007, på det som ville vore 60-årsdagen hans, vart det sett opp eit minnesmerke på staden der han døydde, offisielt kalla «Bolan's Rock Shrine».

I gravferda til Bolan, der både David Bowie og Rod Stewart var til stades, vart det sett opp ein stor blomsteroppsats forma som ei svane, til minne om gjennombrotssingelen hans.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar
  • Nov. 1965 The Wizard/Beyond The Rising Sun. Decca F 12288.
  • Jun 1966. The Third Degree/San Francisco Poet. Decca F 12413.
  • Des. 1966. Hippy Gumbo/Misfit. Parlophone R 5539.

John's Children:

  • Mai 1967. Desdemona/Remember Thomas A Beckett. Track 604 003.
  • Jul 1967. Midsummer's Night Scene/Sara Crazy Child. (Track 604 005, withdrawn; very few copies exist)
  • Aug. 1967. Come And Play With Me In The Garden/Sara Crazy Child. Track 604 005.

Tyrannosaurus Rex:

  • April 1968. Debora/Child Star.(34). Regal Zono RZ 3008.
  • Aug. 1968. One Inch Rock/Salamada Palaganda.(28). Regal Zono RZ 3011.
  • Jan. 1969. Pewtor Suitor/Warlord Of The Royal Crocodiles. Regal Zono RZ 3016.
  • Juli 1969. King Of The Rumbling Spires/Do You Remember.(44). Regal Zono RZ 3022.
  • Jan. 1970. By The Light Of A Magical Moon/Find A Little Wood. Regal Zono RZ 3025.
  • Mars 1970. Debora/One Inch Rock/Woodland Bop/Seal Of Seasons.(7). Magnifly ECHO 102.

Dib Cochran And The Earwigs:

  • 1970. Oh Baby/Universal Love/Deep Summer. Bell 1121.

T. Rex:

Electric Light Orchestra:

Big Carrot:

  • Aug. 1973. Blackjack/Squint Eye Mangle. EMI 2047.

T. Rex:

  • Nov. 1973. Truck On (Tyke)/Sitting Here.(12). EMI Marc 6.
  • Jan. 1974. "Teenage Dream"/"Satisfaction Pony".(13). EMI Marc 7.

Marc Bolan:

  • Juni 1974. Jasper C. Debussy/Hippy Gumbo/The Perfumed Garden Of Gulliver Smith. Track 2094 013.

T. Rex:

  • July 1974. Light Of Love/Explosive Mouth.(22). EMI Marc 8.
  • Nov. 1974. Zip Gun Boogie/Space Boogie.(41). EMI Marc 9.
  • Juli 1975. New York City/Chrome Sitar.(15). EMI Marc 10.
  • Sept. 1975. Dreamy Lady/Do You Wanna Dance?/Dock Of The Bay.(30). EMI Marc 11.
  • Nov. 1975. Christmas Bop/Telegram Sam/Metal Guru.(Scheduled for release but cancelled). EMI Marc 12.
  • Feb. 1976. London Boys/Solid Baby.(40). EMI Marc 13.
  • April 1976. Hot Love/Get It On. Cube BUG 66.
  • Juni 1976. I Love To Boogie/Baby Boomerang.(13). EMI Marc 14.
  • Sept. 1976. Laser Love/Life's An Elevator.(41). EMI Marc 15.

Marc Bolan og Gloria Jones:

T. Rex:

  • Mars 1977. The Soul Of My Suit/All Alone.(42). EMI Marc 16.
  • Mai 1977. Dandy In The Underworld/Groove A Little/Tame My Tiger. EMI Marc 17.
  • Aug. 1977. Celebrate Summer/Ride My Wheels. EMI Marc 18.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mark Paytress Bolan: the rise and fall of a 20th century superstar Omnibus Press, 2003
  2. Stan Hawkins The British pop dandy: masculinity, popular music and culture Ashgate Publishing, Ltd., 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]