Marc Chagall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marc Chagall i 1941
Orpheus, 1914-15

Marc Chagall, opphavleg Mojsje Zaharovitsj Sjagalov (jiddisch: מארק שאגאל, Moyshe Segal) (7. juli 188728. mars 1985) var ein russisk-jødisk ekspresjonistisk målar. Han er særleg kjend for sine mange bilete med motiv frå barndomslandskapet i Kviterussland, og frå Bibelen, gjerne i reine, skarpe fargar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Chagall var fødd i Vitebsk i dagens Kviterussland som den eldste av ni sysken, far hans var fiskehandlar. Ein lukkeleg barndom i fattige kår påverka han i hans arbeid livet ut. I 1906 byrja han studere under målaren Jehuda Pen. Året etter flytta han til St. Petersburg der han studerte på det keisarlege kunstakademiet under Nicholas Roerich. Chagall budde i St. Petersburg til 1910.

Etter å ha fått eit namn som målar, flytta Chagall til Paris for å ha kontakt med kunstnarmiljøa i bydelen Montparnasse. I 1914 vende han tilbake til Vitebsk, der han gifta seg med Bella Rosenfeld som han trefte i 1909. Chagall tok på sitt vis del i den russiske revolusjonen, og det sovjetiske kulturministeriet utpeika han til kommissær for biletkunst i Vitebsk-distriktet. I den tida han var kulturkommissær grunnla han ein kunstskule. Men Chagall kom på kant med aktivistiske, politiske krinsar, og med familien flytta han til Moskva i 1920 og vidare til Paris i 1923.

I 1937 hamna konfiskerte verk av Chagall på den utstillinga Nazi-Tyskland viste i München av såkalla Entartete Kunst. Så då Tyskland okkuperte Frankrike under andre verdskrigen, flykta Chagall frå Paris. Familien gjekk i dekning i Villa Air-Bel i Marseille og fekk hjelp til å flykte gjennom Spania og Portugal av den USA-amerikanske journalisten Varian Fry.

Frå 1941 til -46 budde Chagall i USA. Han vende deretter tilbake til Europa og slo seg etter kvart ned i landskapet Provence i Frankrike. I denne perioden oppdaga han atter den vitale energien i fargar. Arbeida hans frå denne perioden var inspirert av kjærleik og livsglede med kurva former og figurar. Han byrja også å arbeide med skulpturar, keramikk og farga glas.

Han døydde i Saint-Paul-de-Vence i Provence.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marc Chagall

Kjelder[endre | endre wikiteksten]