Marco Bode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marco Bode
Personleg informasjon
Fødselsdato 23. juli 1969 (54 år)
Fødestad Osterode am Harz i Vest-Tyskland
Høgd 189 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Werder Bremen (styreleiar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-2002 Werder Bremen 379 (101)
Landslag
1995-2002 Tyskland 40 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Marco Bode (fødd 23. juli 1969) er ein tysk tidlegare fotballspelar, fødd i Osterode am Harz. Gjennom 14 år frå 1988 til 2002 spelte han i ein offensiv midtbaneposisjon i Bundesliga-laget Werder Bremen, ein fotballklubb der han vann både cupvinnarcupen, bundesligaen og tre gongar den nasjonale cupmeisterskapen. Med det tyske landslaget vart han europameister i 1996 og vann han VM-sølv i 2002.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Med det sterke Werder-laget vart Bode i 1991 tysk cupmeister, etter ein finalekamp der det måtte straffeskyting til før Werder sikra seg DFB-pokalen på FC Köln sin kostnad. Dermed var Werder klar for Cupvinnarcupen, ei turnering som laget vann etter finalesiger 2-0 over AS Monaco i Lisboa. Den etterfylgjande 1992/93-sesongen gjekk Werder heilt til topps i den tyske seriemeisterskapen, eitt poeng framom Bayern München. Både våren 1994 og fem år seinare var Bode med å vinne den tyske cupfinalen i fotball, i 1994 med 3-1 over Rot-Weiss Essen og i 1999 etter straffeskyting mot Bayern München.

Bode spelte 379 seriekampar og skåra 101 seriemål for Werder i bundesligaen, fleire mål enn det nokon annan Werder-spelar har prestert.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bode deltok i 40 kampar og skåra ni mål for Tyskland landslag mellom debuten i 1995 og avskjeden i Fotball-VM 2002. I 1996 var han innbytar då Tyskland i London vann EM-finalen mot Tsjekkia på «golden goal». Også i Fotball-EM 2000 var han med i den tyske troppa, sameleis i VM i fotball 2002. I VM-finalen 2002 i Yokohama var Bode mellom dei elleve utvalde som møtte Brasil til dyst. Kampen enda med 2-0 til Brasil og landets fjerde VM-triumf, Tyskland (medrekna Vest-Tyskland) gjekk på sitt tredje finaletap i ein verdsmeisterskap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1992 med Werder Bremen
  • Tysk cupmeister: 1991, 1994 og 1999 med Werder Bremen
  • Bundesligameister: 1993 med Werder Bremen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]