Marco Tardelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marco Tardelli
Marco Tardelli i 1975
Personleg informasjon
Fullt namn Marco Tardelli
Fødd 24. september 1954 (69 år)
Fødestad Capanne di Ciareggine i Italia
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbane, forsvar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1973–1974 Pisa 41 (4)
1974–1975 Como 36 (2)
1975–1985 Juventus 259 (35)
1985–1987 Inter 43 (2)
1987–1989 Servette 14 (0)
Totalt 393 (43)
Landslag
1976–1985 Italia 81 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Marco Tardelli, (fødd 24. september 1954 i Capanne di Careggine i Toscana) er ein italiensk tidlegare fotballspelar og seinare trenar. Han var ein av dei sentrale spelarane på Italia sitt lag som vann VM-gull under VM i fotball 1982. Tardelli skåra mellom anna eitt av måla i finalen mot Vest-Tyskland. Gjennom ti års spel på Juventus var han med å vinne alle dei tre store cupane i europeisk fotball. Tardelli var ein drivande midtbanespelar som deltok både offensivt og defensivt.[1] Etter si tid som aktiv har Tardelli arbeidd som trenar, mellom anna for det italienske U21-laget.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tardelli debuterte i 1972 i Pisa SC i Serie C og spela sidan i Serie B-klubben AC Como. I 1975 fekk han kontrakt med Juventus, der han hadde sine beste år som fotballspelar. Han vart fleire gongar italiensk serie- og cupmeister og var med å vinne høvesvis UEFA-cupen i 1977, Cupvinnarcupen i 1984 og Europacupen i 1985.

Etter ti år, 259 kampar og 34 mål, flytta Tardelli i 1985 frå Juventus for spel i Inter. Han spela to sesongar i Inter, før han avslutta som profesonell fotballspelar med ein sesong i FC St. Gallen i Sveits.

Landslagspel[endre | endre wikiteksten]

År 1976 debuterte Tardelli for Italia under Enzo Bearzot mot Portugal. To år seinare var han med i Italias VM-lag som kom på fjerdeplassen under VM i Argentina. I 1980 var Tardelli med på laget som vart EM-firar på heimebane.

Hans store stund på landslaget kom under VM 1982, då han var ein nøkkelspelar på det Italia som vann landets tredje VM-tittel. Tardelli vart på sett og vis matchvinnar då han i andre omgangen la på til 2-0, kampen enda med 3-1 til Italia over Vest-Tyskland. Langskotet hans utløyste vill glede; Tardelli sprang mot den italienske innbytarbenken bankande mot brystkassa og skreik «mål!, mål!».[2][3] Han i spela sin 81. og siste landskamp mot Noreg hausten 1985, ein kamp som overraskande enda med norsk siger 2-1. Tardelli var med i VM-tropppa 1986, men spela ikkje i meisterskapen.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Tardelli har mellom anna vore trenar for AC Cesena, Italias U21-landslag, Inter og AS Bari. I 2000 leia han U21-landslaget til siger i den europeiske meisterskapen for ungdomslag. Han var ein kort periode landslagtrenar for Egypt. I 2008 vart han assistenten til landslagstrenar Giovanni Trapattoni for Irland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull i 1982
  • Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1977, 1978, 1981, 1982 og 1984 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]