Marcus Gjøe Rosenkrantz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus Gjøe Rosenkrantz

Marcus Gjøe Rosenkrantz måla av Christian August Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1762
Tveit i Kristiansand
Død

11. mai 1838 (76 år)
Christiania

Yrke politikar, dommar, advokat
Språk norsk, dansk
Far Otto Christian Rosenkrantz
Ektefelle Maren Juel
Marcus Gjøe Rosenkrantz på Commons

Marcus Gjøe Rosenkrantz (25. januar 176211. mai 1838) var ein norsk politikar, jurist, embetsmann og godseigar. Han var bror til Niels Rosenkrantz som var dansk (og dansk-norsk) utanriksminister frå 1810.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rosenkrantz vart fødd på garden Vigvold i Tveit ved Kristiansand. Far hans var offiser. Sjølv gjekk han matematiske skule i Christiania 1776-77. Med økonomisk stønad frå ei farsyster fekk Rosenkrantz høve til å studere ved Københavns Universitet, der han tok juridisk embetseksamen i 1784.

Rosenkrantz arbeidde nokre år som assessor i Christiania. For pengar han arva etter ein fjern slektning kjøpte han i 1786 herregarden Lerbæk ved Frederikshavn i Danmark. Åra 1790-94 budde han på herregarden. Han selde då garden og flytta tilbake til Christiania og ei stilling som magistratpresident (borgarmeister). To år seinare, 1796, gifta han seg med den rike Maren Juel. Ved giftarmål fekk han hand om mykje jordegods, mellom anna Ljan, Borregaard og Hafslund, og i tillegg vart han ein av dei største trelasteksportørane i landet. I 1797 sa han frå seg embetet og konsentrerte seg fullt om handelsverksemda.

År 1804 vart Rosenkrantz utnemnd til amtmann i Smaalenenes amt. Frå 1807 til 1810 var han i medlem av regjeringskommisjonen for Noreg, saman med blant andre prins Christian August. Han nedla der eit stort arbeid, særleg kring spørsmål om dei offentlege finansane, idet han var sjef for kassedireksjonen. Han arbeidde med planar for offentlege låneordningar, og inntil desse gjekk i orden, opptredde han tidvis som privat långjevar for forretningsfolk. I 1810 var han med å stifte Selskabet for Norges Vel.

I 1810 vart Rosenkrantz stiftamtmann i Akershus. Han var då ein av initiativtakarane og bidragsytarane til eit norsk universitet. 11. januar 1813 vart han einedirektør for Rigsbankens nyoppretta norske avdeling, og etter Kielfreden vart han medlem av den mellombels regjeringskommisjonen.

Han deltok i Stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814. Christian Frederik oppnemnde 2. mars 1814 sitt regjeringsråd, her var Rosenkrantz medlem som sjef for Riksbanken. Etter at Grunnlova var vedteken og regjeringsrådet omdanna til statsråd, vart han statsråd, frå 4. juni leiar av komiteen for opplysningsvesenet, ein forløpar for det seinare Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Rosenkrantz var formann i den norske regjeringa frå 14. august til 4. november 1814. Han heldt fram som riksbanksjef og det leiande medlem av statsrådet, også ei tid etter unionsavtalen med Sverige var underskriven. 12. januar 1815 søkte han avskjed, og forlet alle emebeta sin frå utgangen av januar månad.

Rosenkrantz representerte Smaalenenes amt på Stortinget i 1818 og seinare i 1824, i 1827 og 1828 representerte han Fredrikshald. Han var president i Lagtinget, på dei tre fyrste tingsamlingane, på omframstortinget 1828 var han medlem i same. I 1818 var han formann i konsititusjonskomiteen, og i komiteane om russehandel i Finmarken, sal av statens glasverk, interimsregjeringa og om husmannslova. På 1824-tinget var han formann i komiteane om høvesvis bank- og pengevesen og om berg- og skogvesen. Medan han i 1827 var formann i bankkomiteen og medlem av komiteen om kjøpstadtrett. Han var medlem av riksretten i 1827. År 1818 var han ordførar for Stortinget sin deputasjon til kroninga i Stockholm.

Då kona Maren Juel døydde i 1815, fekk Rosenkrantz økonomiske vanskar. Han arva ikkje pengar, men fekk tilbod om å overta Hafslund mot å løyse ut dei andre arvingane. Rosenkrantz mangla både pengar og trelasthandelen gjekk dårleg. Over åra auka gjelda hans, og han makta ikkje selje unna jordegods for å dekke gjelda. I 1830 søkte han om pensjon frå statskassa. Søknaden vart etterkomen, og fekk 2000 spesiedalar årleg pensjon.

Rosenkrantz gate i Oslo er oppkalla etter Marcus Gjøe Rosenkrantz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]