Mardalsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mardalsfossen
foss
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Fossetype Fleirtrinns
Elv Mardøla
Totalt fall 657 m
 - Lengste fall 358 m
 - Midla breidd 24 m
Tal på fall 2
Status Regulert. Berre vassføring frå juni til august.
Verdsrangering 40. høgaste i verda.
Kart
Mardalsfossen
62°28′17″N 8°07′12″E / 62.4714°N 8.1199°E / 62.4714; 8.1199
Wikimedia Commons: Mardalsfossen

Mardalsfossen[1] er den 13. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg ved sørenden av Eikesdalsvatnet i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Fossen er ein del av elva Mardøla og fell 657 meter ned mot Eikesdalsvatnet. Fossen vert ofte feilaktig rekna for å ha det høgaste fallet i Noreg. Lengda 297 meter vert ofte nytta i så tilfelle, men den verkelege høgda på det lengste fallet er 358 meter. Dette er derimot heller ikkje det lengste i Noreg.

Fossen består av to store fall, begge stupfossar, og nokre mindre kaskadefall ved botn. Fossen er regulert og tørrlagt store delar av året. Fossen vert derimot opna for turismen sin del frå 20. juni til 20. august frå om lag ni om morgonen til ni om kvelden.

Det går bilveg fram til ein parkeringsplass nedanfor fossen. Frå parkeringsplassen er det ein 30–45 minutt gåtur opp til fossen.

Mardalsfossen kom i fokus i 1970, under Mardøla-aksjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mardalsfossen». Kartverket / Fakta om stedsnavn. Henta 27. mai 2015.