Marek Edelman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marek Edelman

Statsborgarskap Polen
Fødd 1. januar 1919
Homjel
Død

2. oktober 2009 (90 år)
Warszawa

Yrke politikar, kardiolog, fagforeiningsleiar, forfattar
Språk polsk, jiddisch, tysk, fransk
Politisk parti Bund
Medlem av Żydowska Organizacja Bojowa, KOR, Solidaritet
Religion ikkje-religiøs
Ektefelle Alina Margolis-Edelman
Partnar Paula Sawicka
Marek Edelman på Commons
Marek Edelman, Universitetet i Warsawa, 26. april 2005

Marek Edelman (31. desember 19222. oktober 2009) var ein av leiarane av oppreisten i Warszawaghettoen i 1943. Han voks opp i ein jiddisch-talande familie med tilknyting til den ikkje-sionistiske jødiske sosialistrørsla Bund. Edelman var medlem i ungdomsorganisasjonen til Bund, og arbeidde der for eit Polen utan anti-semittisme, med like rettar for alle.

Etter Polen var okkupert av Hitler-Tyskland, blei alle jødar samla i ghettoane, som blei avstengde frå omverda. Edelmanfamilien budde innanfor det området som blei avsperra i Warszawa, og som no blei overfylt med jødar sende dit frå andre stader av dei tyske nazistane. Tilhøva blei snart forferdelege på grunn av matmangel og hygieneproblem. Titusenvis døydde før dei store transportane frå Warszawaghettoen til konsentrasjonsleirane tok til sommaren 1942.

På denne tida møttest viktige politiske grupper blant jødane i ghettoen for å diskutere kva dei skulle gjere i den desperate situasjonen dei var komne i. Bundistar, venstresionistar og kommunistar danna snart den jødiske kampgruppa ZOB og tok til å bu seg på væpna motstand. Da ghettoen skulle likviderast, gjekk ZOB til aksjon, og oppreisten var eit faktum. Motstandskjemparane kjempa hardt, men hadde sjølvsagt ikkje nokon sjanse mot store tyske styrkar som blei sette inn. Ghettoen blei jamna med jorda.

Men medlemmene av ZOB meinte det var betre å døy i kamp enn passivt for fiendehand. Dei av leiarane i ZOB som ikkje kom seg unna da kampane var over, tok sjølvmord heller enn å bli tekne til fange av nazistane. Edelman kom seg ut av ghettoen gjennom kloakksystemet, og overlevde krigen. Etter krigen utdanna han seg til lege, og han budde i Polen til han døydde hausten 2009.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]