Margaret Skjelbred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Skjelbred

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1949 (75 år)
Stokke kommune
Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk

Margaret Skjelbred (fødd 25. januar 1949 i Stokke i Vestfold) er ein norsk forfattar. Skjelbred er utdanna psykiatrisk sjukepleiar, og arbeidde i nesten tjue år ved Vestfold Sentralsykehus. I 1983 debuterte ho litterært med diktsamlinga Det er aleine du er. Ho har gjeve ut diktsamlingar, romanar og barnebøker. Ho har også vore kåsør og laga radioprogram basert på barnebøkene for NRK. Skjelbred har arbeidd heiltid som forfattar sidan 1990, og fekk i 2004 eit gjennombrot hjå publikum med romanen Gulldronning, perledronning. Forfattarskapen har brakt henne fleire prisar.

Dei fleste av diktsamlingane hennar er skrivne på Vestfold-dialekt. Mange av dei er tonesette av Øivind Lauritzen.

Forfattaren har i fleire år budd i Nordbyen i Tønsberg.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Det er aleine du er – dikt (1983) (illustrert av Harald Nordberg)
  • Skilderier – dikt (1985) (illustrert av Harald Nordberg)
  • Bakkesøte, øyentrøst – dikt (1989) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Har du sett? – barnerim (1991) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Tom og Andersen – barnebok (1993) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Du smiler mot meg fra et falmet bilde. En sonett-krans – dikt (1994) (fotografi av Morten Krogvold)
  • Tom og Andersen feirer jul – barnebok (1994) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Ved Jakobs løe – dikt (1995) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Tom og Andersen drar til fjells – barnebok (1995) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Hvor er Ida? – barnebok (1996) (illustret av Mikael Holmberg)
  • Lerkehjerter – roman (1997)
  • Tom og Andersen ved sjøen – barnebok (1997) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Det er aleine du er og andre dikt i utvalg – dikt i utval (1998)
  • Vildresinn – roman (1998)
  • Alvemål – roman (1999)
  • Tom og Andersen i byen – barnebok (1999) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Den hjerteløse risen – barnebok (2000) (illustrert av Anders Kaardahl)
  • Om forlatelse – roman (2001)
  • Gulldronning, perledronnning – roman (2004)
  • Andrea D – roman (2006)
  • Mors bok – sjølvbiografisk roman (2009)
  • Du skal elske lyset – roman (2011)
  • Jeg fant – dikt i samling (2013)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]