Margaretøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Margaretøya i Donau

Margaretøya (ungarsk Margitsziget eller Margit-sziget; óg kalla Margitøya) er ei 2,5 km lang øy med eit areal på 0,965 km² i Donau sentralt i Budapest.

Øya er stort sett dekt av parkområde og er eit populært rekreasjonsområde for både turistar og lokale innbyggjarar. Margaretbrua går over elva i sør, medan Árpádbrua kryssar elva og øya i nord. .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart sannsynlegvis først busett av Johanittarordenen på 1100-talet. Av dei historiske monumenta på øya finn ein ruinane av ei fransiskanarkyrkjer frå 1200-talet og ei dominikanarkyrkje og kloster.

Øya vart tidlegare kalla Kaninøya (Nyulak szigete) og fekk sitt noverande namn etter Margaret av Ungarn (1242–1270), dottera til Béla IV av Ungar. Øya var dominert av klostersamfunn og kyrkjer fram til 1700-talet, då ho vart vald som tilfluktsstad av palatinarane. Ho vart erklært ein offentleg park i 1908.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 47°32′N 19°03′E