Margaret Theresia av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Margaret Theresia av Spania
Jan Thomas 002.jpg
Margarita Teresia i 1667
av Jan Thomas van Ieperen, Kunsthistorisches Museum, Wien
Tysk-romersk keisarinne; tysk dronning;
Dronninggemalinne av Ungarn og Böhmen
Erkehertuginne av Austerrike
Regjeringstid 1666-1673
Fødd 12. juli 1651
Fødestad Royal Alcazar i Madrid i Spania
Død 12. mars 1673 (21 år)
Dødsstad Hofburgpalasset i Wien
Far Filip IV av Spania
Mor Mariana av Austerrike

Margaret Theresia av Spania (spansk Margarita Teresa, tysk Margarete Theresia) (12. juli 165112. mars 1673) var tysk-romersk keisarinne, tysk dronning, erkehertuginne av Austerrike og dronninggemalinne av Ungarn og Böhmen. Ho var dotter til kong Filip IV av Spania og den andre kona hans Mariana av Austerrike. Ho var den eldste systera til Karl II den forheksa, den siste spanske Habsburgaren. Ho er den sentrale figuren i det kjende Las Meninas av Diego Velázquez og tema i mange av dei seinare måleria hans.

Av politiske årsaker gifta ho seg med Leopold I av Det tysk-romerske riket som var onkel til mora og syskenbarn av faren. Trass i aldersskilnaden på 11 år var dei lukkelege i lag, og delte ei interesse i teater og musikk. Ho kalla han «onkel» sjølv etter dei var gift, og han kalla ho «Gretl». Etter å ha fødd fire barn, og svekka av fleire spontanabortar, døydde Margarita Teresa berre 21 år gammal. Det einaste overlevande barnet hennar var erkehertuginne Maria Antonia av Austerrike, framtidig kurfyrstinne av Bayern.

Ein av diamantane til Margarita Teresia vart auksjonert bort på Christie's i desember 2008. Han vart då kalla Wittelsbach-diamanten, og vart gjeven til ho av faren, kong Filip IV av Spania som ein del av medgifta då ho gifta seg med Leopold I 15 år gammal.[1] Diamenen på nesten 36 karat vart seld for $24,3 millionar, som er den høgaste prisen for ein diamant seld på ein auksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CBC News- Big blue diamond goes on display in London. December 5, 2008 Retrieved 8 December 2008