Marguerite Yourcenar
Marguerite Yourcenar, eigentleg Marguerite de Crayencour (8. januar 1903–17. desember 1987) var ein fransk forfattar. Ho var fødd i Belgia, men busette seg i USA.
Yourcenar skreiv noveller, skodespel og viktige essay og litteraturkritiske verk, men er likevel mest kjent for dei historiske romanane sine. Bøkene hennar byggjer på grundige studium av mytar og overleveringer frå mange land og periodar, men særleg var gresk filosofi og dikting viktig for henne. Homoseksualitet er eit tema som går att i mange av bøkene. Ho understrekar òg tydinga til religionen for modninga og sjølvforståinga til menneska. Ho hadde største suksess med Mémoires d'Hadrien (1951; norsk overs. Hadrians memoarer, 1953), ein biografi i romanform over keisar Hadrian, og med L'Œuvre au noir (1968; norsk overs. Det svarte verk, 1969), ein historisk roman som skildrar renessansen som ei brytingstid for religion og vitskap. Andre bøker ho skreiv var mellom andre Nouvelles orientales (1938), skodespelet Electre ou la chute des masques (1954), samt fleire omsetjingar og gjendiktinger, mellom anna av gresk lyrikk og «negro spirituals».
Ho skildrar historia til sin eigen familie i Le Labyrinthe du monde (3 bd., Souvenirs pieux, 1973, Archives du Nord, 1977, og Quoi? L'Eternité, 1988). Ho gav òg ut fleire sjølvbiografiske tekstar. Yourcenar vart som første kvinne valt inn i L'Académie Française i 1980.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, Yourcenar «Marguerite Yourcenar» av Truls Olav Winther