Mari El

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mari El
Республика Марий Эл
Марий Эл Республика
Mari El sitt flagg
Hovudstad Josjkar-Ola
Areal

- total
- % vatn

(73.)

- 23 200 km²
- 4% (inkl. 1 % myr)

Folketal

- Total
- tettleik

(65.)

- 672 321[1] (2023)
- 28,9/km²

Administrativ status republikk
Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Volga-Vjatka
President Yuri Zaitsev[2]
Nasjonalsong
Kadaster-nr 12
Offisiels språk russisk, austmarisk
Kart over Mari El.

Mari El (russisk Республика Марий Эл; austmarisk Марий Эл Республика) er ein republikk i Russland, eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen, og heimlandet til det mariske folket. Mari El ligg midt i den europeiske delen av Russland. Hovudstaden er Josjkar-Ola (namnet tyder «Raudbyen»), ein by ved Volga med om lag ein kvart million innbyggjarar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Malaja Koksjaga-elva i Josjkar-Ola

Regjeringssjefen i Mari El er presidenten, som frå og med september 2022 har vore Jurij Zajtsev.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei mest utvikla industrigreinene er maskin- og metallindustri, treforedling of næringsmiddelindustri. Mesteparten av industrien ligg i hovudstad Josjkar-Ola, eller i byane Kozmodemjansk, Volzjsk, og Zvenigovo

Reiseliv og turisme[endre | endre wikiteksten]

Mange turistar kjem til Mari El frå Tsjuvasjia og Tatarstan for å ri, for å plukke sopp eller for å bade på sandstrendene langs Volga. Det kjem også ein del turistar frå Finland og Ungarn som er interessert i å vitje brødrefolket i aust.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Russarane er i knapt fleirtal i Mari El, dei bur framforalt i byane og i den vestlege delen av republikken, elles bur det mariar, mest på landsbygda, men også i byane. I dei største byane bur det òg mange tsjuvasjar, tatarar, mordvinarar og ukrainarar. I dei austlege områda, mot Tatarstan, bur det ein del tatarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Det mariske nasjonalteateret i Josjkar-Ola

Mari El ligg aust på den austeuropeiske sletta, ved dei midtre delane av elveløpet til Volga, som renn gjennom den sørvestlege delen av republikken. Sideelva Vetluga renn ut i Volga her. Dei vestlege delane er hovudsakleg flatt lågland. I aust hevar åsane i Vjatskij Uval seg til 275 meter over havet.

Den største byen er Josjkar-Ola (248 800 ibuarar), og den nest største byen er Volzjsk (55 700).[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sentrale utdanningsinstitusjonar er det Mari El statlege tekniske universitet, Mari statlege universitet, og Mari pedagogiske institutt, alle ligg i Josjkar-Ola.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste i republikken er russisk-ortodokse, i den austre delen av republikken er det også ein del muslimar, og ein god del som trur på den tradisjonelle mariske religionen, ei retning som har vorte kalla reformert heidenskap, førkristen religion med visse ytre trekk lånt frå kristendommen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første folka som er kjent i dette området var finsk-ugriske folkeslag, som busette seg her i førhistorisk tid. Tsjeremissar, eit gamalt namn på mariane, er nemnde i khazarske skrifter frå 900-talet. På midten av 1200-talet vart området erobra av mongolane, etter som det mongolske verdsriket vart delt opp vart det del av Kazan-khanatet.

På 1550-talet vart dette erobra av Russland, og russisk kolonisering av området tok til. I 1583 vart byen Kozmodemjansk grunnlagd, og året etter Tsarevokoksjajsk (dagens Josjkar-Ola). Frå 1700-talet kom dei første skriftene på marisk språk med det kyrilliske alfabetet, og i 1775 kom den første mariske grammatikken ut. Det same året fekk det store opprøret til Jemeljan Pugatsjov stor støtte i Mari El.

Under den russiske revolusjonen kom området under kontroll av bolsjevikane i desember 1917. Somaren 1918 kom det til ei bylgje av kontrarevolusjonære opprør, men alle vart slått ned av den raude arméen.

Den 4. november 1920 vart Den mariske autonome oblasten oppretta. 5. desember 1936 fekk denne status som autonom sovjetrepublikk innanfor Den russiske føderasjonen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 skifta republikken namn til Mari El, og vart eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mari El