Maria-antifonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuskript til «Salve Regina».

Maria-antifonar er ei gruppe hymner tileigna jomfru Maria knytte til den katolske gregorianske songtradisjonen.[1] Songane er ikkje eigentlege antifonar, sjølv om dei ber dette namnet, for dei er ikkje bygde opp rundt korte tekstar frå Bibelen. I staden er dei stila til Maria og hyllar henne på ulike måtar.[2]

Det finst ei rekkje ulike Maria-antifonar. Dei fire best kjende er «Alma Redemptoris Mater», «Ave Regina Caelorum», «Regina Caeli» og «Salve Regina». Desse er knytt til ulike tidsrom i kyrkjeåret - den første frå advent til kyndelsmesse, den andre frå kyndelsmesse til langfredag, den tredje under påsken, den siste frå treeiningssundag fram til laurdagen før fyrste sundag i advent. Songane blir gjerne sungne etter dei seine tidebønene aftansong eller kompletorium i kyrkjer eller religiøse samfunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Western plainchant: a handbook by David Hiley 1995 ISBN 0-19-816572-2 pages 104-107. Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  2. «Salve Regina», Catholic encyclopedia