Marie Antoinette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maria Antoinette)
Marie Antoinette

Fødd2. november 1755
Hofburg
Død16. oktober 1793
place de la Concorde
TittelFransk dronninggemalinne
Alle titlarDronning, Archduchess
Hus eller slektHabsburg-Lothringen
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
LandFrankrike, Habsburgmonarkiet
MorMaria Teresia av Austerrike
FarFrans I Stefan av Det tysk-romerske riket
EktefelleLudvig XVI av Frankrike
SambuarAxel von Fersen
BarnMarie-Thérèse-Charlotte av Frankrike, Louis Joseph Xavier François av Bourbon, Ludvig XVII av Frankrike, Marie Sophie Hélène Béatrice av Frankrike

Marie Antoinette (2. november 175516. oktober 1793) var dronning av Frankrike under den franske revolusjonen. Ho var også erkehertuginne av Austerrike, prinsesse av Ungarn og prinsesse av Bøhmen. Marie Antoinette var mislikt som utlending og eit symbol for kongeleg lettsinn, og blei avretta i Paris saman med mannen Ludvig XVI av Frankrike.

Marie Antoinette var fødd i Wien og døypt Maria Antonia. Ho var dotter av den tysk-romerske keisaren Frans I Stefan av huset Habsburg-Lothringen og Maria Theresia. I 1770 vart ho gift med Ludvig XVI av Frankrike, og slik vart ho dronning av Frankrike.

Giftarmålet kom i stand som pant på alliansen mellom Frankrike og Austerrike. Alliansen var ikkje populær i Frankrike, og Marie Antoinette fekk få venner ved hoffet. Ikkje sjeldan vart ho utsett for baksnakking. Som dronning i Frankrike var ho halden for å vere munter og tankelaus, og ho heldt seg ikkje til dei strenge etikettereglane. Ho var kjend som svært lettsindig i pengebruken. Ei utsegn som er blitt tillagt henne i ettertid er at ho meinte folk som svolt fordi dei ikkje hadde brød, ganske enkelt kunne eta kaker. Utsegna var opphavleg laga av Jean-Jacques Rousseau som skreiv det til kona til Ludvig XIV, men er blitt knytt til Marie Antoinette som ein illustrasjon på kor fjerne frå folket den franske adelen var.

I 1790, under den franske revolusjonen, prøvde ho både å forhandle med grev Mirabeau for å sikre stillinga til kongehuset, og samstundes å få hjelp frå Austerrike for å slå ned revolusjonen. I 1791 freista kongefamilien å flykte, utan å lukkast. Kongefamilien vart arrestert i 1792, og Maria Antoinette vart stilt for revolusjonsdomstolen, tiltalt for landssvik. Der vart ho dømd til døden, og ho og kongen vart avretta med giljotin 16. oktober.

Marie Antoinette fødde fem barn, men berre eitt nådde vaksen alder:

  1. Marie-Thérèse Charlotte (19. desember 1778-1851), fengsla under revolusjonen, utveksla med austerrikske fangar.
  2. Louis Joseph Xavier François (22. oktober 1781-4. juni 1789), død av tuberkulose.
  3. Dødfødd barn, 1783.
  4. Louis-Charles (27. mars 1785-ca. 8. juni 1795), kalla Ludvig 17. Fengsla og død av tuberkulose i fengselet.
  5. Marie Sophie Hélène Beatrix (9. juli 1786-19. juni 1787).