Maria Antonia av Austerrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Antonia av Austerrike
Benjamin von Block 002.jpg
Kurfyrstinne av Bayern
Regjeringstid 15. juli 1685 - 24. desember 1692
Fødd 18. januar 1669
Fødestad Hofburgpalasset, Wien
Død 24. desember 1692 (23 år)
Dødsstad Hofburgpalasset i Wien
Gravlagd Kapuzinergruft, Wien
Far Leopold I av Det tysk-romerske riket
Mor Margarita Teresia av Austerrike

Maria Antonia av Austerrike (fødd Maria Antonia Theresia Josefa18. januar 166924. desember 1692) var den eldste dottera og det einaste overlevande barnet til keiar Leopold I og Margarita Teresia av Austerrike.

Ho var ein del av innavlen som gjekk føre seg i Habsburg, sidan faren var onkel til mora på morsida og barn av fetteren sin. Besteforeldra på morsida var òg onkel og niese. Frå barndommen av var Maria Antonia ei intelligent og danna jente, og delte foreldra sin lidenskap for musikk.

Den siste spanske Habsburgaren, Karl II, var barnlaus. I følgje til arvefølgjelovene, hadde Maria Antonia rett til å arve den spanske krona, fordi ho var det einaste overlevande barnet etter keisarinne Margaret Theresia, syster til Karl II. Likevel vart det sidan ho var fødd bestemt at ho skulle gifte seg med onkelen på morssida, den spanske kongen, men dette vart det aldri noko av på grunn av politiske årsaker.

Ho var òg ein kandidat for ekteskap med Victor Amadeus II av Sardinia, men dette vart heller ikkje noko av. Maria Antonia gifta seg med kurfyrste Maximilian II av Bayern i 1685 i Wien. Ekteskapet deira var ulukkeleg, men dei fekk tre born. Ingen av borna voks opp. Josef Ferdinand av Bayern (1692-1699) som, trass i at han var ung, var særleg viktig for euroepisk politikk mot slutten av 1600-talet, då dei europeiske matkene søkte etter ein arving som kunne ta over trona i Spania då Habsburg-greina i landet døydde utt. Josef Ferdinand døydde derimot ung og dette utløyste den spanske arvefølgjekrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]