Maria Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Bonnevie
Maria Bonnevie.jpg
Maria Bonnevie
Fødd 26. september 1973 (41 år), Västerås i Flag of Sweden.svg Sverige
Yrke Skodespelar
Ektefelle Mikael Persbrandt (1998-2003)

Maria Bonnevie (fødd 26. september 1973) er ein norsk-svensk skodespelar. Ho har arbeidd med teater og film.

Anna Maria Cecilia Bonnevie vart fødd i Västerås som dotter av skodespelarane Jannik Bonnevie og Per Waldvik. Bonnevie er utdanna ved Stockholm Scenskola (1997) og fekk si første teaterrolle i Den vite vikingen av Hrafn Gunnlaugson. I 1997 debuterte ho på den svenske teaterscenen Dramaten, i stykket Yvonne av Ingmar Bergman.

På filmlerretet debuterte Bonnevie i Kvitebjørn kong Valemon (1991) der Ola Solum hadde regi. Gjennombrotet hennar kom i Jerusalem (1997) regissert av Bille August, og seinare har ho mellom anna vore med i Insomnia (1997), Øyenstikker (2001) og Syndare i Sommersol (2001). For filmen Jeg er Dina (2002) mottok ho utmerking for beste utanlandske kvinnelege skodespelar ved filmfestivalen i Montreal.

I 2009 spelte Bonnevie den britiskfødte dronning Maud av Noreg i den norske TV-miniserien Harry & Charles. For rolla fekk ho Gullruten 2010.

Filmar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 - Den hvite viking
  • 1996 - Jerusalem
  • 1999 - Den 13. krigeren
  • 1999 - Tsatsiki, moren og politimannen
  • 2001 - Syndere i sommersol
  • 2002 - Jeg er Dina
  • 2002 - Himmelfall
  • 2003 - Mamma, pappa, barn
  • 2004 - Trusselen
  • 2004 - Dag og natt
  • 2007 - Изгнание, Izgnanie (eng. The Banishment)
  • 2009 - Engelen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]