Maria Gaetana Agnesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Gaetana Agnesi

Maria Gaetana Agnesi (16. mai 17189. januar 1799) var ein italiensk matematikar og filosof.

Ho fekk først undervisning av far sin. Den første boka hennar i filosofien, Propositiones philosophicae, kom ut då ho var 20 år gammal. Mest kjent er det matematiske oversiktsverket hennar Instituzioni analitiche (1748) som vart omsett til fransk og engelsk. Ho fekk tilbodet om eit professorat ved universitetet i Bologna, men avslo og gjekk seinare inn i ein nonneorden.

Ho er kjend for ei kurve som vert kalla Agnesis heks. På italiensk heiter denne kurva la versiera di Agnesi som tyder «kurva til Agnesi». Frå tidleg av vart dette lese av professoren John Colson som «l'avversiera di Agnesi», der «avversiera» tyder «kvinne som set seg i mot Gud», som då vart identifisert som «heks», og feilomsetjinga vart hengande ved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]