Maria II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria II

Dronning av England, Skottland og Irland
Regjeringstid13. februar 1689–28. desember 1694
Kroning11. april 1689
Fødd30. april 1662
FødestadSt. James's Palace i London
Død28. desember 1694 (32 år)
DødsstadKensington Palace i London
GravstadWestminster Abbey i London
FøregangarJakob II & VII
EtterfølgjarVilhelm III & II
Gift medVilhelm III & II
DynastiHuset Stuart
FarJakob II & VII
MorLady Anne Hyde
Bornchild1 Stuart, child2 Stuart, child3 Stuart

Maria II (30. april 166228. desember 1694) var dronning av England, Skottland og Irland og medregent i lag med ektemannen og syskenbarnet sitt, Vilhelm III og II, frå 1689 og fram til ho døydde.

Vilhelm og Maria, som begge var protestantar, vart konge og dronning etter den ærerike revolusjonen, der den katolske far hennar, Jakob II og VII vart avsett. Vilhelm vart regent aleine då Maria døydde i 1694.

Den felles regjeringstida deira blir ofte referert til som «Vilhelm og Maria-tida». Sjølv om ho var regjerande dronning, og ikkje berre gemalinne, var det i realiteten Vilhelm som fungerte som monark det meste av tida. Unnataket er dei periodane der han var involvert i krigføring utanfor riket.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Maria (venstre) og Anne med foreldrene sine.

Maria vart fødd i St. James's Palace i London. Ho var eldste dotter til James, hertug av York (den seinare Jakob II) og den fyrste kona hans, lady Anne Hyde. Onkelen hennar var Karl II av England, og morfaren hennar var Edward Hyde, 1. jarl av Clarendon, som lenge var den viktigaste rådgjevaren til Karl II. Mora fekk åtte born, men berre Maria og den yngre syster hennar, Anne, levde opp.

Hertugen av York konverterte til katolisismen i 1668 eller 1669, men etter ordrar frå Karl II fekk Maria og Anne ei protestantisk oppseding. Mora døydde i 1671, og faren gifte seg igjen i 1673 med Maria av Modena.

Femten år gamal vart Maria trulova med den protestantiske statthalderen Vilhelm av Oranien. Han var ein son av tanta hennar, Mary, og prins Vilhelm II av Nassau. Karl II var fyrst imot denne alliansen med ein nederlandsk herskar, og ville heller at Maria skulle gifte seg med den franske arveprinsen Ludvig. På grunn av press frå parlamentet og at ynsket om ein koalisjon med det katolske Frankrike fall bort tillét han til slutt ekteskapet. Hertugen av York tillét det òg, i den feilaktige trua at det ville gje han meir støtte blant protestantane. Paret gifte seg i London 4. november 1677.

Dei reiste til Nederland, der Maria levde som gemalinna til Vilhelm. Ho var trufast mot mannen sin, men ekteskapet var ofte ulukkeleg. Tre graviditetar enda i spontanabortar eller dødfødslar, og barnløysa førte til at ho var ulukkeleg store delar av livet sitt. Den livlege naturen hennar gjorde henne populær blant nederlendarane. Mannen hennar vart derimot oppfatta som kald og avvisande. Han hadde lenge eit utanomekteskapeleg forhold til Elizabeth Villiers, ei av hoffdamene til Maria. Etterkvart vart han meir avslappa i selskap med Maria, og ekteskapet fungerte noko betre.

Revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Jakob II og VII
Vilhelm III

Då Karl II døydde utan ektefødd arving i 1685 vart hertugen av York krona som Jakob II i England og Irland, og Jakob VII i Skottland. Religionspolitikken hans var kontroversiell; han ynskte å gje religionsfridom til ikkje-anglikanarar, noko som vart dårleg motteke ikkje minst fordi han freista å innføre det ved å annullere parlamentsvedtak gjennom kongelege dekret. Fleire protestantiske politikarar og adelsmenn byrja å tinge med Vilhelm av Oranien allereie i 1687. Etter at Jakob II tvinga anglikanske geistlege til å lese opp Declaration of Indulgence, ein proklamasjon om religionsfridom for dissenterar, i kyrkjene i mai 1688 fall populariteten hans kraftig. Betre vart det ikkje då kona hans, dronning Maria, fødde ein son, James Francis Edward, i juni 1688. Guten skulle nemleg, ulikt Maria og Anne, blir oppdregen som katolikk. Nokre hevda at det var eit bytebarn, smugla inn for å byte ut eit dødfødd barn, og at det såleis heller ikkje var ein rettmessig arving. Sjølv om det ikkje fanst nokon prov gjekk Maria offentleg til åtak på legitimiteten til guten, og sende eit brev med ei rekkje spesifikke spurnader omkring fødselen til syster si, Anne.

30. juni vart invitasjonen til Vilhelm send. Sju adelsmenn, kjende som Immortal Seven, bad han om å kome til England med ein hær. Han var fyrst tvilande til foretaket, ikkje minst fordi han frykta at kona hans ville få ei leiande rolle sidan ho hadde arverett til trona. Ho klarte endå å overtyde han om at ho ikkje søkte politisk makt, og melde at ho ikkje ville vere noko meir enn kona hans, og at ho ville gjere alt som stod i makta hennar for å gjere han til konge for livstid. Vilhelm gjekk med på å invadere, og utskreiv ei fråsegn der han omtalde den nyfødde guten som «den falske (pretended) prinsen av Wales». Han oppgav òg ei liste over klagemål det engelske folket hadde mot kongen, og lova at det einaste formålet med felttoget var å sikre at eit fritt og lovleg parlament kunne bli samla.

Den nederlandske hæren steig i land 5. november, etter å ha måtta gjere vendereis på grunn av ein storm i oktober. Den engelske hæren og flåten gjekk over til Vilhelm, og folket hadde så liten tillit til Jakob at dei ikkje freista å forsvare han. Den 11 desember freista kongen å flykte, men vart fanga. Den 23. desember lukkast han i eit nytt fluktforsøk og levde resten av livet sitt i eksil i Frankrike.

Maria var opprørt over omstenda omkring avsetjinga av faren, men Vilhelm gav ordre til henne om å virke nøgd under triumfferda deira inn i London. Ho vart som ei fylgje av det kritisert for å virke kald i høve til lagnaden til faren. Jakob skreiv eit krast utfall mot henne der han kritiserte henne for illojaliteten hennar, noko som hadde ein djup effekt på den fromme Maria.

I 1689 vart eit parlament innkalla av prinsen av Oranien samla, og det vart ført omfattande diskusjonar om korleis ein skulle gå vidare. Vilhelm kjende seg usikker på posisjonen sin; han ville herske som konge, og ikkje berre som gemalen til dronninga. Den einaste presedensen for eit delt monarki mellom ektefellar var frå 1500-talet: Då Maria I gifte seg med Filip II av Spania fekk han tittelen konge i England. Men det vart då lagt restriksjonar på styresmakta hans, og han skulle berre ha tittelen så lenge ho levde. Vilhelm kravde å få halde tittelen òg etter at kona døydde. Nokre framståande politikarar meinte at Maria burde bli eineherskar, men ho nekta dette av lojalitet til mannen sin.

13. februar 1689 vedtok parlamentet Declaration of Right, der det vart konkludert at Jakob gjennom fluktforsøket sitt 11. desember året før hadde abdisert, og at trona dimed var ledig. Parlamentet valde vidare å ikkje gje trona til James Francis Edward, som etter vanlege reglar var tronarving, men til Vilhelm og Maria i fellesskap. Det vart endå slege fast at prinsen av Oranien berre kunne utøve kongemakt i namnet til båe to og så lenge dei begge levde. Fråsegna fekk seinare eit tillegg, slik at ikkje berre Jakob og arvingane hans vart utelukka, men alle katolikkar, sidan «det har vorte funne gjennom røynsle at det er i strid med tryggleiken og velferda til dette protestantiske kongeriket å bli styrt av ein papistisk fyrste».

Bispen av London, Henry Compton, krona dei to saman i Westminster Abbey den 11. april 1689. Normalt blir kroningar utførte av erkebispen av Canterbury i eigenskap av primas for Den engelske kyrkja, men Willam Sancroft nekta å respektere at avsetjinga av Jakob II var gyldig. På kroningsdagen melde Convention of the Estates of Scotland, ei forsamling som var langt meir splitta enn det engelske parlamentet, at Jakob VII ikkje lenger var konge av Skottland, og Vilhelm og Maria vart i fellesskap tilbode den skotske krona. Dei aksepterte dette 11. mai.

Sjølv etter at utnemninga var eit faktum, var det stor støtte for Jakob i Skottland. John Graham, 1. viscount av Dundeee samla ein hær og sigra i slaget ved Killiecrankie den 27. juli. Men det var ein pyrrhossiger, då han miste ein stor del av styrkane sine og sjølv vart dødeleg såra tidleg i slaget. Dimed stod det ikkje igjen nokon effektiv leiar eller nokon hær som kunne fylgje opp sigeren, og opprøret vart raskt slått ned. Den siste samanstøyten kom allereie neste månad i slaget ved Dunkeld.

Regjeringstida[endre | endre wikiteksten]

Dronning Maria måla i 1690 av Godfrey Kneller.
Myntar slått under Vilhelm og Maria.

I desember 1689 vedtok parlamentet eit av dei viktigaste konstitusjonelle dokumenta i engelsk historie, Bill of Rights. Mykje av innhaldet i Declaration of Right vart gjenteke og stadfesta, men det vart òg lagt ned ei rekkje restriksjonar på kongeleg maktutøving. Monarken kunne ikkje suspendere lovar vedteke av parlamentet, skrive ut skattar utan samtykke frå parlamentet, innskrenke retten til å leggje fram saker, samle hærstyrkar i fredstid utan samtykke frå parlamentet, nekte protestantiske undersåttar å bere våpen, blande seg på upassande måte inn i parlamentsval, straffe medlemer av Over- eller Underhuset for noko dei hadde sagt i debattar i parlamentet, krevje overdriven stor kausjon eller ileggje fælslege eller uvanlege straffer.

Dokumentet tok òg for seg tronfylgja. Etter at Vilhelm III eller Maria II døydde skulle den andre halde fram med å regjere åleine; dette var ein modifikasjon av avgjerda i Declaration of Right. Den neste i arverekkjefylgja skulle vere eventuelle born av paret, fylgd av syster til Maria, Anne og borna hennar. Etter dei igjen kom born Vilhelm eventuelt måtte få i eit seinare ekteskap dersom han overlevde Maria.

Frå 1690 og utover var Vilhelm ofte borte frå England, fyrst for å kjempe mot jakobittar i Irland. Medan han var ute av landet styrte Maria. Ho var ein kraftfull herskar, som blant anna gav ordre om arrestasjonen av sin eigen onkel, Henry Hyde, 2. jarl av Clarendon fordi han hadde lagd planar for å få gjeninnsett Jakob II. I 1692 avsette ho John Churchill, 1. jarl av Marlborough frå embeta hans og fekk han fengsla for det same. Avsetjinga og arrestasjonen av Marlborough gjorde henne mindre populær i folket, og skadde tilhøva hennar til systera, som stod kona hans Sarah nær. Anne møtte opp i retten saman med Sarah Churchill, noko som førte til at Maria i sinne kravde at Anne skulle fjerne Sarah frå sin omgangskrinsen sin. Tilhøvet mellom dei to systrene var spent resten av livet til Maria, og under graviditeten til Anne såg dei kvarandre ikkje.

Innan 1692 var dei irske jakobittane slegne ned, men Vilhelm heldt fram med krigføring, no mot franskmennene i Nederland under niårskrigen. Maria heldt fram med å styre landet, men tok råd frå mannen sin. Medan han var i England i kortare periodar var ho ikkje innblanda i regjeringsspørsmål i det heile, noko Bill of Rights hadde klårgjort. Men ho var involvert i alle kyrkjelege saker som vart ført til monarken, òg når Vilhelm var tilstades.

Død[endre | endre wikiteksten]

Maria døydde av koppar i Kensington Palace den 28. desember 1694 og vart gravlagd i Westminster Abbey. Vilhelm hadde etterkvart vorte stadig meir avhengig av å ha Maria ved sida si og var knust etter ho døydde.

Komponisten Henry Purcell fekk i oppdrag å skrive musikk til gravferda hennar, kalla Music for the Funeral of Queen Mary. Marsjen, som er katalogisert som Z860 A, har seinare vorte brukt i ei rekkje samanhengar, blant anna som tittelmusikk i filmen A Clockwork Orange.

Vidare historie[endre | endre wikiteksten]

Royal Hospital for Seamen vart grunnlagt på ordrar frå Maria same år som ho døydde.

Vilhelm III heldt fram med å styre landet som konge etter at Maria døydde. Det vart etterkvart klårt at tronfylgjeordninga måtte utvidast. I juli 1700 døydde det siste barnet til prinsesse Anne, William, hertug av Gloucester, og det var òg klårt at Vilhelm ikkje ville få fleire born. Dimed hadde ein berre Anne som tronarving, noko som var uhaldbart i tilfelle ho skulle gå bort før Vilhelm eller kort tid etter han. Parlamentet vedtok Act of Settlement 1701, som sa av krona skulle gå til næraste protestantiske slektning, som var Sofia av Hannover, og deretter til dei protestantiske arvingane hennar.

Då Vilhelm III døydde i 1702 vart han etterfylgd av Anne, som i tur vart etterfylgd av sonen til den då daude Sofia av Hannover, Georg I.

Det finst to institusjonar som vart oppretta av Maria: College of William and Mary i dagens Williamsburg i Virginia og Royal Hospital for Seamen i Greenwich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maria II av England