Maria Magdalena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Maria Magdalena församling
Maria Magdalena måla av Bachiacca på 1500-talet.

Maria Magdalena, som tyder Maria frå Magdala (no Majdal), er ei sentral kvinnefigur i Det nye testamentet og seinare kristendom. Ho er omtala i alle evangelia i Det nye testamentet, der det blir fortald at ho fylgde Jesus etter at han dreiv demonar ut av henne og var den første som såg han då han stod opp frå dei døde. Ho er seinare blitt oppfatta både som ei angrande skjøge og som kjærasten til Jesus.

I vestleg tradisjon blei Maria identifisert med syndarinna i Lukas 7,37 og med Maria av Betania, medan austleg tradisjon heldt dei tre frå kvarandre. Det var Gregor den store som først fekk gjennomslag for dette synet, og trass i innvendingar frå mellom anna Ambrosius av Milano, Augustin av Hippo og Thomas Aquinas blei samanblandinga halden ved lag heilt til reforma av helgenkalenderen i 1969.

I vestleg katolsk tradisjon blir Maria Magdalena avbilda med salvekrukke og langt vakkert hår, og er ofte kledd i raudt. Ho er vernehelgen for kvinner, angrande syndarinner, forførte, frisørar, gartnarar, hanskemakarar, parfymefabrikantar, vinhandlarar, vindyrkarar, blystøyparar, bøkkarar, ullvevarar, fangar, elevar og studentar og for barn som har vanskeleg for å læra å .

Ei utbreidd legende seier at Maria drog til Frankrike saman med Lasarus, kristna Provence, og deretter trekte seg tilbake til ei grotte ved Sainte-Baume der ho blei livet ut. På staden blei det seinare reist ei valfartskyrkje.

Som angrande syndar blei Maria Magdalena brukt som førebilete for «falne kvinner», og ho gav namn til institusjonar som Magdalenahheimar og dei berykta irske «Magdalen Laundries».

I moderne litteratur er Maria Magdalena blitt framstilt som kjærasten eller elskarinna til Jesus, til dømes i Jesusevangeliet av José Saramago eller Da Vinci-koden av Dan Brown

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maria Magdalena